Geoteknikar: Vil du ha ein geofagleg utfordrande jobb?
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 17.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Geoteknikar
Vil du ha ein geofagleg utfordrande jobb, med mykje fridom i eigen arbeidskvardag? Vil du jobbe for at folk kvar dag kjem seg trygt fram til skule, barnehage, jobb, fritid og familie? Fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ledig to faste stillingar på geofag. Avdelinga har frå før ein ingeniørgeolog og ein geoteknikar. I denne annonsa søker vi etter ein geoteknikar.
Møre og Romsdal fylkeskommune driftar over 3000 kilometer med fylkesveg, inkludert bruer, tunnelar, kulvertar, overbygg, ferjekaier, skredsikringar og støttekonstruksjonar. Vegnettet har dei fleste variasjonar av grunnforhold, skråningar, skjeringar, skred- og flaumproblem.
Som geoteknikar får du stor grad av fridom til å sjølv legge opp din eigen balanse mellom felt- og kontorarbeid.
Du tar del i eit viktig samfunnsoppdrag og du kan vere midt i hendingane når det står på med vêr og skred, eller nyte ein fleksibel arbeidsplass i rolegare periodar. Gjennom planleggings- og prosjekteringsarbeid får du vere med på å utforme framtidas vegar, tunnelar, bruer og ferjekaier i Møre og Romsdal.
Deltaking i fleire nettverk med andre fylkeskommunar og statlege etatar gjev moglegheit for god fagleg utvikling. Mange av utfordringane på fylkesvegane er ikkje standardproblem etter læreboka, og du får derfor bryne deg på varierte utfordringar kor ein må tenke nytt, smart og kreativt, gjerne med bruk av ny teknologi.
Innan samferdselsområdet har fylkesvegavdelinga kontorlokasjonar i Molde, Ålesund og Kristiansund og du kan velje kor du vil ha kontorstad.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver:
Geoteknisk prosjektering, rådgjeving, kontroll og oppfølging i planleggings-, prosjekterings-, bygge- og driftsfase.
Geoteknisk rådgjeving ved diverse geotekniske utfordringar på vegnettet (utglidingar, setningar, etc.).
Bestilling og oppfølging av grunnboring og laboratorieanalyse.
Bestilling og oppfølging av eksterne geofaglege konsulentar.
Geoteknisk inspeksjon av støttekonstruksjonar (i hovudsak tørrmurar), både manuelt og gjennom ny teknologi (eks. drone, LiDAR).
Utvikling og forbetring av interne kvalitetssystem og rutinar.
Ved ønske og kompetanse kan stillinga ta del i rådgiving i forbindelse med skredfare eller akutte skredhendingar på vegnettet (stein-, snø-, jord-, og sørpeskred).
Reising innanfor Møre og Romsdal må påreknast. Du får betalt reisetid og diettpengar.
Du vil ha stor fleksibilitet i arbeidskvardagen og noko fridom til å velje arbeidsoppgåver. Du er både på kontor og mykje ute i felt. Innhaldet i stillinga vil variere etter sesong og behov på prosjekt, og vil bli fordelt etter kompetansen til deg og dine geofaglege kollegaar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har
Utdanning på minimum master-, hovedfag- eller sivilingeniørnivå med retning geoteknikk, eventuelt utdanning på minimum master-, hovedfag- eller svilingeniørnivå innan ingeniørfag eller geofag, med etterutdanning i geoteknikk.
Relevant erfaring teller positivt, men nyutdanna kan og søke.
Kjennskap til standardar, vegleiarar og normalar innan geoteknikk.
God kjennskap til digitale geotekniske verktøy.
Du må ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar som blir lagt spesielt vekt på:
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert
Vi tilbyr
" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
- Flere arbeidssteder: Julsundvegen 9, 6412 Molde, Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Geoteknikk og ingeniørgeologi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Geoteknikar, Ingeniørgeolig
Er du vår nye kollega på fylkesveg? (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391386808
- Sist endret