Er du vår nye ingeniørgeolog?
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 17.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Ingeniørgeolog
Vil du ha ein geofagleg utfordrande jobb, med mykje fridom i eigen arbeidskvardag? Vil du jobbe for at folk kvar dag kjem seg trygt fram til skule, barnehage, jobb, fritid og familie? Fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ledig to faste stillingar på geofag. Avdelinga har frå før ein ingeniørgeolog og ein geoteknikar. I denne annonsa søker vi etter ein ingeniørgeolog.
Møre og Romsdal fylkeskommune driftar over 3000 kilometer med fylkesveg, inkludert bruer, tunnelar, kulvertar, overbygg, ferjekaier, skredsikringar og støttekonstruksjonar. Vegnettet har dei fleste variasjonar av grunnforhold, skråningar, skjeringar, skred- og flaumproblem.
Som ingeniørgeolog får du stor grad av fridom til å sjølv legge opp din eigen balanse mellom felt- og kontorarbeid.
Du tar del i eit viktig samfunnsoppdrag og du kan vere midt i hendingane når det står på med vêr og skred, eller nyte ein fleksibel arbeidsplass i rolegare periodar. Gjennom planleggings- og prosjekteringsarbeid får du vere med på å utforme framtidas vegar, tunnelar, bruer og ferjekaier i Møre og Romsdal.
Deltaking i fleire nettverk med andre fylkeskommunar og statlege etatar gjev moglegheit for god fagleg utvikling. Mange av utfordringane på fylkesvegane er ikkje standardproblem etter læreboka, og du får derfor bryne deg på varierte utfordringar kor ein må tenke nytt, smart og kreativt, gjerne med bruk av ny teknologi.
Stillinga er på teamet tunnel, geofag og elektro, under seksjon for vegdrift. Seksjonen sørger for dagleg drift og vedlikehald av fylkesvegane, og har samtidig ansvar for asfalt, tunnelar, beredskap og geologi/geoteknikk. Avdelinga tar også hand om styrings- og strategioppgåver. Stillinga vil og kunne ha enkelte oppgåver under andre seksjonar, eksempelvis vegprosjektseksjonen.
Innan samferdselsområdet har fylkesvegavdelinga kontorlokasjonar i Molde, Ålesund og Kristiansund og du kan velje kor du vil ha kontorstad.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver:Stabilitets- og skredvurderingar (berg, lausmassar og snø).
Ingeniørgeologisk inspeksjon av tunnelar og skjeringar , både manuelt og gjennom ny teknologi (eks. drone, LiDAR).
Rådgivning i forbindelse med skredfare eller akutte naturfarehendingar på vegnettet.
Ingeniørgeologisk prosjektering, rådgjeving, kontroll og oppfølging i planleggings-, prosjekterings-, bygge- og driftsfase.
Bestilling og oppfølging av eksterne geofaglege konsulentar.
Utvikling og forbetring av interne kvalitetssystem og rutinar.
Reising innanfor Møre og Romsdal må påreknast. Du får betalt reisetid og diettpengar.
Du vil ha stor fleksibilitet i arbeidskvardagen og noko fridom til å velje arbeidsoppgåver. Du er både på kontor og mykje ute i felt. Innhaldet i stillinga vil variere etter sesong og behov på prosjekt, og vil bli fordelt etter kompetansen til deg og dine geofaglege kollegaar.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi søkjer etter deg som harHøgare geofagleg utdanning (minimum master-/hovedfagsnivå), fortrinnsvis ingeniørgeologi eller geologi med fokus på skred, geomorfologi eller bergmekanikk.[
Har du sterk og allsidig praksis frå fagområdet, evt. etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike utdanningskravet.
Relevant erfaring teller positivt, men nyutdanna kan og søke.
God kjennskap til digitale verktøy.
Du må ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar som blir lagt spesielt vekt på:
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Flere arbeidssteder: Borgundvegen 340, 6009 Ålesund, Fosnagata 21, 6509 Kristiansund N
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Geoteknikk og ingeniørgeologi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ingeniørgeolog, Geoteknikar
Er du vår nye kollega på fylkesveg? (foto: Tingh) (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391388743
- Sist endret