Byggeleiar: Vil du jobbe for at folk kjem seg trygt fram til jobb, skule og fritid?
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 17.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Byggeleiar - vegdrift Sunnmøre
Vil du ha ein spanande jobb, med mykje fridom i eigen arbeidskvardag? Vil du jobbe for at folk kvar dag kjem seg trygt fram til skule, barnehage, jobb, fritid og familie?
Fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ledig ein fast stilling innan vegdrift.
Vi søker etter ein byggeleiar for driftskontrakt 1501 på Søre Sunnmøre i fylkesvegavdelinga. Arbeidet inneber drift og vedlikehald av fylkesvegar.
Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal består av om lag 3200 km veg, 62 tunnelar, om lag 1000 bruer samt andre vegelementer.
Du blir fast tilsett i vegdriftseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Seksjonen sørger for dagleg drift og vedlikehald av fylkesvegane, og har samtidig ansvar for asfalt, tunnelar, beredskap og geologi/geoteknikk.
Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du må rekne med ein del reising i fylket.
Kontorstad for denne stilinga er Ålesund
Arbeidsoppgåver
Som byggeleiar hos oss vil du:- Vere del av eit team som styrer ulike drift- og vedlikehaldskontraktar på det fylkeskommunale vegnettet.
- Ha ansvar for å styre og følgje opp kontrakt innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Planlegge, bestille og følje opp nødvendige drift og vedlikehaldstiltak i kontraktsområdet, innanfor tildelt økonomisk ramme.
- Rapportere til teamleiar, og bistå i styring av kontraktsporteføljen
- Ha ansvar for å gjennomføre ulike møter med entreprenør, samt koordinere arbeid med andre faggrupper, seksjonar og etatar.
- Samarbeide med aktuelle samarbeidspartnarar både internt og eksternt, for å sikre ei god kontraktsgjennomføring.
- Delta i utarbeiding av konkurransegrunnlag for nye kontraktar, samt vere delaktig i utlysing av konkurranse og kontrahering.
Kvalifikasjonar
- Teknisk fagskule, bachelor eller master i ingeniørfag. Relevant erfaring kan kompensere for kompetansekravet.
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Strukturert og målbevisst
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert
Vi tilbyr
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6009 Ålesund
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Byggeleiar vegdrift
Er du vår nye kollega på fylkesveg? (foto: Tingh) (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391389627
- Sist endret