Rådgiver- analytikar og utadrettet virksomhet
Vest politidistrikt
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vera med å handtera dei mest alvorlege truslane mot Noreg?
I Vest politidistrikt er det ledig ein fast stilling som rådgjevar SKO 1434 med funksjon som analytikar, ved PST Vest, Seksjon for etterretning. Vedkommande må også basera seg på ein god del utoverretta verksemd.
For spesielt kvalifiserte søkjarar til stilling som rådgjevar vil me vurdere å ansette i stilling som seniorrådgjevar SKO 1364 med funksjon som analytikar.
Som analytikar i PST Vest skal du utarbeide analysar og etterretningsprodukt i tråd med lokal, regional og nasjonal produksjonsplan. Me er avhengige av at medarbeidarane til ei kvar tid har høg kompetanse innan våre arbeidsområde og vi gjev intern opplæring innan fag og bruk av metodar.
Søkjarar må tilfredstille krava til sikkerheitsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELEG. Ein må rekne med testing av fagkunnskap og om ein er skikka til stilinga. For å bli sikkerheitsklarert må kandidatane vere villig til å gje personlege opplysningar om seg sjøv og sine næraste. Du blir oppmoda om å vise diskresjon om at du søkjer stilling i PST. Meir informasjon om dette blit gitt i løpet av søknadsprosessen. Noko reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med å utforme, drive fram, gjennomføre og formidle analyse- og etterretnings produkt
- Formidle sikkerheitsrådgjevning til trusseltusatte innanfor PST sitt mandat
- Halde foredrag i ulike fora og drive annan utadrette verksemd
- Gje muntleg og skriftleg besltuningsstøtte
- Introdusere og rettleie nyansatte og kollegaer
- Hospitering må påreknast
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Må-krav:
- Relevant mastergrad, eller relevant utdanning frå høgskule/universitet på minimum bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring minimum 3 år. Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan i særkilde tilfeller (minimum 10 år) erstatte kravet til utdanning
- For stilling som seniorrådgjevar er det krav om relevant mastergrad eller tilsvarende, og minimum 5 års relevant arbeidserfaring
- Meget god munnleg og skriftleg språkkunnskap på norsk og engelsk
- God IT- og systemkompetanse
- Tilfredsstille krava til sikkerheitsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELEG
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskelege-krav:
- Erfaring og/eller utdanning frå etterretning blir vektlagt
- Erfaring og/eller utdanning frå analysearbeid blir vektlagt.
- Erfaring frå utoverretta verksemd blir vektlagt
- Erfaring frå PST er ein fordel
- Erfaring med bruk av relevante analyseverktøy er en fordel.
- Andre språkkunnskapar er ein fordel
- Kjennskap til politiet sin organisering og PST sine samarbeidsaktørar er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Motivert for å bidra til et godt fag- og arbeidsmiljø
- God formidlingsevne
- Gode relasjons-, kommunikasjons-, og samarbeidsevner
- God til å arbeide analytisk, strukturert og sjølvstendig, også under tidspress
- Initiativrik og ha god gjennomføringsevne
- Vere kreativ, fleksibel og nysgjerrig
- Evne og interesse for å tilegne seg kunnskap om andre kulturar, religionar og områder
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som PST forvalter
- Stillinga blir lønna som rådgjevar (stillingskode 1434), frå kr 667.700,- eller som seniorrådgjevar (stillingskode 1364), frå kr 696.500,- .Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til
hovudtariffavtalane i staten. - Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
- Gode arbeidsvilkår (til dømes fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, bedriftshelseteneste o.l.)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Ref.nr: 25/18524
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Bransje: Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Analyse, Rådgivning, Sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgiver, Analytiker, Seniorrådgiver, Foredrag, Sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391513094
- Sist endret