Gynekolog
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 14.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Gynekolog
Bli med på laget ved vårt nye, moderne sjukehus og bidra til å forme framtida for gynekologiske tenester! Vi har ledig stilling ved gynekologiske poliklinikkar på Hjelset og Kristiansund.
Vi har eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø som arbeider godt saman. Vi har hatt, og held framleis på med, ei stor satsing som inneber rekruttering av fleire nyutdanna jordmødre og legar i spesialisering. Dette har ført til fleire nye tilsette det siste året, men vi vil gjerne ha fleire på laget vårt.
Molde sjukehus har eit fødselstal på over 700 born årleg. Utover obstetrikk har vi også eit godt gynekologisk tilbod ved begge sjukehusa i Klinikk SNR. Det kirurgiske tilbodet vårt held eit høgt nivå, og vi utfører det meste av generell gynekologisk kirurgi - laparoskopisk, abdominalt og vaginalt. Vi samarbeider med Kristiansund sjukehus på ulike fagfelt innanfor gynekologi.
Du vil bli ein del av eit større fagmiljø i Helse Møre og Romsdal. Vi samarbeider nært med kollegaene våre i Kristiansund, Ålesund og Volda, i tillegg til St. Olavs hospital i Trondheim som har regional funksjon. Her vil det vere gode moglegheiter for jobbutveksling, hospitering og anna samarbeid, som til dømes forsking. Det er med andre ord gode moglegheiter til å utvikle seg fagleg. Vi kan også vurdere søknadar frå kandidatar som er nær å fullføre spesialiseringa si.
Våren 2025 flyttar vi inn i eit nytt og topp moderne akuttsjukehus på Hjelset, rett utanfor Molde sentrum! Les meir om sjukehuset her.
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Arbeidsoppgåver
- Ordinære arbeidsoppgåver i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
- Vaktordning med tilstadevakt 24/7
- Rettleiing av legar i spesialisering
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Må vere godkjent spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
- Må meistre norsk/skandinavisk språk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig, og samstundes fungere godt i team
- Motivert for fagleg utvikling
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Gode vaktordningar
- Flyttestønad etter gjeldande regelverk
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 6450 Hjelset
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391513605
- Sist endret