Seksjonssjef
Bufetat
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonssjef
Til deg som ønskjer leiarstilling i ei verksemd med det viktigaste samfunnsoppdraget
Ved Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest, er det ledig ei fast 100 % stilling som seksjonssjef i stab, seksjon fagleg støtte.
Er du ein leiar som vert motivert av vårt viktige samfunnsoppdrag og våre verdiar?
Bufetat sin visjon er vekst og utvikling for born, unge og familiar. Vi jobbar etter verdiane respekt, openheit og deltaking - RÅD. Vi søkjer deg som har lyst til å vere med å utvikle våre tenester for born, ungdom og deira familiar og bidra til strategisk leiing av regionen.
Stillinga er for tida lagt til Bufetat, region vest med arbeidsstad i Bergen. Stillinga inneber noko reising, men etaten har godt utbygd moderne videokonferanseutstyr i alle tenesteområda. Seksjonssjef rapporterer til stabsdirektør, og inngår i stabsleiinga i regionen.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg for tida leiing av seksjon fagleg støtte som pr i dag har 16 medarbeidarar med fagleg bakgrunn innanfor juss, psykologi og/ eller barnevern -og familiefag.
Du vil ha ansvar for å:
- Leie rådgjevarar og seniorrådgjevarar i seksjonen
- Sikre at faglege og driftsmessige mål vert nådd i seksjonen
- Omsette nasjonale føringar og handlingsplanar til regionale handlingsplanar og forslag til tiltak.
- Bidra til å utvikle samarbeidet internt og eksternt
- Delta i stabsdirektørens leiargruppa kvar veke og bidra til strategisk utvikling i regionen, etter bestillingar frå regionleiinga
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande mastergrad. Krav om master kan i særlege tilfelle fråvikast om du har omfattande arbeidserfaring og vidareutdanning.
- Relevant utdanning kan til dømes vere innan barnevern, sosialt arbeid, juss psykologi, sjukepleie eller liknande.
- Utdanning innan leiing eller tilleggsutdanning innan leiing.
- Leiarerfaring, gjerne erfaring frå leiing av andre leiarar.
- Samfunnsfagleg forståing og innsikt i offentleg forvalting.
- Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Du må ha gode IKT ferdigheitar, og gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
Ved manglande utdanning innan leiing må ein pårekna å ta leiarutdanning etter tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som:
- Er ein engasjert og modig leiar som blir motivert av vårt samfunnsoppdrag og våre verdiar.
- Er utviklings- og løysingsorientert.
- Har høg arbeidskapasitet og evne til å handtera mange og komplekse oppgåver i eit høgt tempo.
- Er strukturert og analytisk og har evne til å tenkje heilskap og tverrfagleg.
- Skapar framdrift og har gjennomføringskraft og veit korleis ein førebur, set i gang og følgjer opp endringsprosjekt -og prosessar.
- Har evne til strategisk planlegging.
- Er dyktig på å motivere og utvikle gode strukturar for samarbeid og prioritering.
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1012 sekssjonssjef, med p.t. kr 800.000 - 950.000,- pr. år. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- I tillegg kan vi freista med ein spanande arbeidsstad, med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
- Høve til å trena inntil ein time i veka i arbeidstida.
- Godt tverrfagleg miljø.
- Du blir ein del av ei leiargruppe med ambisjonar om å arbeide saman som eit team.
- Omvendt referansesjekk
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Seksjon for fagleg støtte.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du legge ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Seksjonssjef
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391518470
- Sist endret