Ergoterapeut
Sula kommune
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Ergoterapeut
Vi søkjer etter ein engasjert og lærevillig ergoterapeut med kompetanse og interesse innanfor helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande arbeid.
Rehabiliteringstenesta i Sula består av 2 ergoterapeutar og 4 fysioterapeutar. Ein har kontor på Sulatunetog har eit tett og godt samarbeid innad i tenesta og også ut mot andre tenesteytarar i kommunen. Ein harfokus på førebygging og kvardagsmeistring, og kva som er viktig for at brukaren skal oppleve meistring."kva er viktig for deg?"
Stillinga blir ledig frå 01/03/2025, vi kan vere fleksible vedrørande oppstart.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er delt i 50% ergoterapi og 50% kvardagsrehabilitering / Innsatsteam. Ergoterapitstillinga vil hovudsakleg ha
arbeidsfelt inn mot barn og unge, men ein må vere fleksibel i forhold til alle aldersgrupper ved ferie og fråvær eller ved stor arbeidsmengde hos den andre.Hovudtyngda er heimebuande og mykje av arbeidsoppgåvene vil vere knytt til heimebesøk, kartleggeaktivitetar, funksjon, behov og iverksette tiltak. Rådgjeving og oppfølging på ulike arena som barnehage,skule og i heimen.
Stillinga er også knytt til Kvardagsrehabiliteringsteamet. Personer som har eit rehabiliteringspotensialeetter eit funksjonsfall og som er motivert til eigeninnsats, får oppfølging på ein slik måte og av eit sliktomfang at dei vert betre i stand til å klare seg sjølv og kan bu heime lenger. Kvardagsrehabilitering er eiinnarbeida metode i kommunen og eit samarbeid mellom rehabiliteringstenesta og omsorgstenesta. Ein held no på å vurdere å vidareutvikle dette til å bli eit innsatsteam.
Stillinga vil også inneha rolla som hjelpemiddelansvarlig og hørselskontakt . Det vil også kunne bli moglegheite til å bidra i trimgrupper for ulike aldersgrupper.
Det er tett samarbeid med dei andre i rehabiliteringstenesta, og ein har eit særs godt arbeidsmiljø.
Her er det godt å være.
Kvalifikasjonar
Norsk offentleg godkjend ergoterapeut
Relevant erfaring innan rehabilitering er ønskeleg
Relevant erfaring frå hjelpemiddelformidling er ønskeleg
Erfaring frå tverrfaglig samarbeid
Førerkort og kunne disponere eigen bil
Gode kunnskapar i norsk språk skriftlig og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
har gode samarbeid- og kommunikasjonsevne, men også evne til å arbeide sjølvstendig
er løysingsorientert og fleksibel
har evne til å motivere og rettleie brukargruppa
bidreg aktivt i å skape og ivareta eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vil bli stilt krav om politiattest
Vi tilbyr
Eit godt og trivelig arbeidsmiljø der ein ønskjer nyansatte hjerteleg velkomne.
Gratis parkering
Moglegheit til å ta del i viktig utviklingsarbeid
Offentleg tenestepensjon i KLP med gode lån og forsikringsvilkår
Om arbeidsgiveren
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Meir informasjon om Sula kommune her
- Sektor: Offentlig
- Sted: Stadsnesvegen 9b, 6030 Langevåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ergoterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ergoterapeut, Ergoterapi, Rehabilitering, Førebygging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391519246
- Sist endret