![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2018/10/vertical-5/17/8/a81/88a/d0-/d1f/a-1/1e8/-8c/5e-/27d/e2c/722/f68_450336433.png)
Rådgjevar
Helse Bergen
- Frist 02.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar
Brenn du for simulering og ferdigheitstrening? Då er denne stillinga ved Senter for simulering og ferdigheitstrening (SSF) noko for deg!
SSF er ein seksjon i Kompetanseutvikling, Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU) ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi tilbyr medisinsk simulering, undervisning og trening på praktiske ferdigheiter innan helsefag og akuttmedisin. Målet vårt er å utvikla praktiske ferdigheiter, handlingskompetanse og tverrfagleg samarbeid mellom helsepersonell.
Senteret er etablert for at sjukehuset sine medarbeidarar skal ha ein arena for å trene på praktiske ferdigheiter og drive simulering. I tillegg blir det halde kurs for eksterne aktørar innan offshoreverksemd.
Vi har ledig ein fast 100% stilling som rådgjevar og vi søkjer deg som er sjukepleiar/spesialsjukepleiar eller har anna relevant utdanning.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, organisering og gjennomføring av kurs i helsefagleg simulering og kompetanseheving
- Planlegging og tilrettelegging av undervisning og ferdigheitstrening innan praktiske prosedyrar, akuttmedisin og teamtrening
- Tilrettelegging av kurs og undervisning for senteret sine brukarar
- Vedlikehalde kompetanse innan hjarte-lungeredning (DHLR/AHLR) i føretaket
- Medverke i faglege nettverk og instruktøropplæring i regi av SSF
- Dagleg drift av senteret
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar eller anna relevant helsefagleg utdanning
- Minimum 3 års klinisk yrkeserfaring
- Digital og teknisk kompetanse
- Erfaring frå undervisning innan medisinsk simulering og ferdigheitstrening
- AHLR utøver
Ynskjeleg:
- Instruktør i AHLR
- Prehospital erfaring
- Spesialsjukepleiar
- Fasilitatorutdanning
Personlege eigenskapar
- Er initiativrik, sjølvstendig
- Kunne jobbe målretta og har god arbeidskapasitet
- Evne til å organisere og vere god til å prioritere arbeidsoppgåver
- Bidra til å skape dialog mellom samarbeidspartar og vera god på teamarbeid/samhandling
- Positiv, fleksibel og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God formidlingsevne
Vi tilbyr
- Tverrfagleg miljø med høgt fagleg nivå
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Opplæring og kurs i aktuelle arbeidsoppgåver
- Interessante, samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt fagleg miljø i ein organisasjon som er i stadig utvikling
- Løn etter avtale
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Ansettelse snarast mogleg/etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sjukepleiar, Spesialsjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391980749
- Sist endret