Fagansvarleg
Bufetat
- Frist 02.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarleg
Ved Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen, er det ledig stilling som fagansvarleg. Stillinga utgjer ei sentral rolle i det faglege arbeidet inn mot ungdomane, og fagansvarleg har eit ansvar for å koordinere oppgåver knytt til forløp for behandlingsinstitusjonar. Stillinga er underlagt avdelingsleiar.
Du skal støtte, rettleie og koordinere miljøpersonalet, og bidra klinisk i det faglege arbeidet med ungdomane. Det er forventa at ein deltek i det miljøterapeutiske arbeidet på avdelinga. Vi er ein institusjon som stadig søkjer å utvikle oss, og ynskjer at fagansvarelg er ein pådrivarar for fagleg utvikling.
Sunnmørsheimen er ein spennande, lærande og dynamisk arbeidsplass med dyktige og dedikerte fagfolk. Vi arbeider saman for å skape dei beste rammene for ungdomar i ein krevjande livssituasjon gjennom risikoredusering, endring og utvikling. Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Då er kanskje du den vi leitar etter!
Sunnmørsheimen er eit tiltak under Bufetat, plassert i Volda kommune i Møre og Romsdal. Vi har per i dag 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling, og Nygardsvegen, som er ei behandlingsavdeling. Ungdomane som bur hos oss er i aldersgruppa 12-18 år. Dei er plassert etter barnevernlova §§ 4-4, 6-1 og 6-2. I Bufetat arbeider vi med å utvikle det statlege barneverns- og familievernstilbodet for framtida, med bakgrunn i barnevernsreforma. Våre tenester skal vere godt koordinerte og kvalitetssikra slik at vi kan ta vare på dei mest utsette barna og ungdomane.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og kooridinere behandlingsplanar og handlingsplanar for ungdomane i samarbeid med miljøpersonalet
- Ansvarlig for å koordinere oppgåver i det standariserte behandlingsforløpet
- Delta aktivt i det miljøterapeutiske arbeidet med ungdomane
- Rettleiing og opplæring av miljøpersonal i fag, metode og verktøy
- Oppfølging av daglege oppgåver som ligg til institusjonsdrift
- Kontaktperson for samarbeidspartnarar, t.d. familie, nettverk, kommune, skule, helse og andre viktige instansar
- Stedfortrederfunksjon for avdelingsleiar i definerte perioder
- Rapporteringsoppgåver til leiing og ressursmiljø/spisskompetansemiljø for behandling for ungdom
- Endring i stillingsinstruks kan forekomme
Kvalifikasjoner
- Det krevst bachelorgrad i sosialfagleg utdanning (sosionom, barnevernsfagleg eller vernepleiar). Søkjarar med anna relevant høgskule/universitetsutdanning (t.d. pedagogikk/helse/politi) kan vurderast.
- Minimum 60 stp. innan relevant barnevernsfagleg vidareutdanning. Søkjarar som mangler dette, må forplikte seg til å gjennomføre dette innan to år etter tilsetjing.
- Gode IKT ferdigheiter
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Førarkort for bil (klasse B)
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Tilleggsutdanning innan relevante fagområde
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i institusjon.
- Kompetanse på, eller erfaring med rettleiing
- Kjennskap til relevante faglege forståelsesrammer som utviklingsøkologisk teori, kognitiv åtferdsterapi, sosial læringsteori, tilknytingsteori og traumebasert omsorg,
- Kjennskap til standarisert behandlingsforløp for ungdom
Personlige egenskaper
Vi søkjer deg som:
- er strukturert, tek ansvar og evnar å arbeide sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner og får fram det beste i dei rundt deg
- er tydeleg og har gode kommunikasjonsevner
- har evne til å jobbe førebyggande ved å identifisere risikområder, og sette inn tiltak
- arbeidar langsiktig, målretta og systematisk
Personlege eigenskapar vil vere avgjerande for kven ein tilset.
Vi tilbyr
- Stillingen er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1495 barnevernspedagog, 1508 vernepleier eller 1494 sosionom, med lønn p.t. kr 502 300 - 604 900 pr år, eller 1185 spesialutdannet sosionom, 1510 spesialutdannet barnevernspedagog, 1509 spesialutdannet vernepleier, 1534 spesialutdannet miljøterapeut, pt kr 524 700 - 657 300 pr. år, eller klinisk sosionom (kode 1173) eller klinisk barnevernspedagog (kode 1496), p.t. kr. 532 200 - 667 700 pr. år i 100% stilling. Avlønning og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring. For spesielt kvalifiserte søkere kan høyere lønn vurderes.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Informasjon til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regioner har som hovedoppgave å drive etatens institusjoner og familievernkontor. I tillegg har regionene ansvar for fosterhjemsrekruttering og oppgaver knyttet til adopsjon. Barn, unge og deres familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett hvor de bor i Norge. Bufetat sine fem regioner rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region Midt-Norge består av fylkene Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionens administrasjon er lokalisert i Trondheim.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygardsvegen 2, 6103 Volda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagansvarleg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391989174
- Sist endret