Rådgjevar (jurist) innan forsking og forskingsbasert innovasjon
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 25.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar (jurist) innan forsking og forskingsbasert innovasjon
Vi søkjer etter ein rådgjevar/seniorrådgjevar som ønskjer å jobbe med juridisk rådgjeving innan forsking og forskingsbasert innovasjon. Det er behov for juridisk bistand innan fleire av avdelinga sine ansvarsområde og stillinga vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet.
Arbeidet vil vere sjølvstendig og prega av fagleg utfordrande oppgåver. Den som vert tilsett vil inngå i eit administrativt fagmiljø som yter rådgjeving og støtte til HVL-leiinga og fakulteta. Stillinga vil gje den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver og å bidra til å utvikle institusjonen.
Arbeidsplassen er ved ein av høgskulen sine fem campus. Sidan HVL er ein fleircampusinstitusjon må den som vert tilsett pårekne noko reiseverksemd.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Juridisk rådgjeving, særskild knytt til avtale- og kontraktarbeid i samband med forskings- og innovasjonsprosjekt.
- Oppgåver knytt til regelverk og rutinar rundt forsking og innovasjon.
- Oppgåver knytt til forskingsetikk og personvern i forsking.
- Oppgåver knytt til ansvarleg internasjonalt samarbeid.
- Delta og bidra i nasjonale og internasjonale forskingsstøttenettverk.
- Utgreiingsarbeid, saksførebuing og oppfølging av saker innan avdelinga sitt ansvarsområde.
- Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga etter behov.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Til stillinga vert det stilt krav om juridisk embetseksamen/ mastergrad i rettsvitskap.
- Kjennskap til utforming av kontraktar og avtalar på norsk og engelsk.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- God digital kompetanse.
Ønska kvalifikasjonar:
- Kompetanse og erfaring frå offentleg sakshandsaming.
- Erfaring frå forskingsadministrasjon.
- Interesse for avtalerett, immaterialrett og personvern.
- Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren eller andre kunnskapsorganisasjonar.
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert, ta initiativ og vere ein pådrivar.
- Evne til å arbeide strukturert og analytisk.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Har stor arbeidskapasitet og kan trivast i eit travelt miljø.
Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar eller 1364 - seniorrådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Avdelingsleiar Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon, Eirin Fausa Pettersen
Telefon: +47 55 58 75 19 | E-post: eirin.fausa.pettersen@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal støtte opp under den faglege profilen til HVL og legge til rette for høgskulen sine satsingar innan våre ansvarsområde.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Flere arbeidssteder: RØYRGATA 6, 6856 Sogndal, SVANEHAUGVEGEN 1, 6812 Førde, KLINGENBERGVEGEN 4, 5414 Stord, BJØRNSONS GATE 45, 5528 Haugesund
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Kontor og administrasjon, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392114318
- Sist endret