Maskinsjef i sambandet Kvanne-Rykkjem, p.t. MF Stangvikfjord
Fjord1 AS
- Frist 04.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli vår nye maskinsjef?
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 ser etter ein engasjert og fagleg sterk maskinsjef som vil vere med å drive framtidas ferjedrift. Med vår topp moderne elektriske ferje MF Stanvikfjord og ei skiftordning som legg til rette for balanse mellom arbeid og fritid, er dette ei fin moglegheit for deg som ønskjer ein spennande kvardag på sambandet Kvanne-Rykkjem.
Skiftordning: Døgnvakt - 2 veker på og 2 veker av. Første og siste tur i arbeidsperioden dekkes (fra 30 km).
Hybelordning - Fjord1 disponerar leiligheit på Rykkjem som gjer overnattingsmoglegheit i arbeidsperioden.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- MES opplæring
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Gode leiareigenskaper
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og maskinistforbundet
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnvakt - 2 veker på og 2 veker av
- Første og siste tur i arbeidsperioden dekkes (fra 30 km).
Om arbeidsgiveren
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
- Sektor: Privat
- Sted: Fv670 810, 6640 Kvanne
- Bransje: Maritim og offshore, Reise og turisme, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Maskinist, Mekaniker, Mekanikk og installasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Maskinist, Maskinsjef, Ferje, Maritim
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392121934
- Sist endret