Undervisningsstillingar ved Eikelandsosen barneskule
Bjørnafjorden kommune Eikelandsosen barneskule
- Frist 19.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Ledige undervisningsstillingar, 100 % fast stilling frå 01.03.2025 og 100 % vikariat frå 01.03.2025 til 20.06.2025
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har også som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Ved Eikelandsosen barneskule arbeider vi i småteam kring klassane, der fleire vaksne samhandlar tett om opplæringa og å skape gode læringskollektivt. Vi arbeider i tråd med LK20 og utviklar oss kontinuerleg for å halde fram å vere ein god utdanningsarena for elevane og ein god arbeidsplass for dei vaksne. Skulen arbeider målretta kring for eit trygt heilskulemiljø med felles samlingar, turar og leik. Vi følgjer programmet «Ingen utanfor» der elevar er leik-leiarar for medelevar. Heile skulen prioriterer tid til lesing og vi har eit oppdatert skulebibliotek. I Eikelandsosen legg vi vekt på praktisk, variert og relevant opplæring der vi brukar skog, fjell og strand i tillegg til idrettshall, symjebasseng og eit allsidig skuleanlegg. Vi likar å gjere ting ute!
Eikelandsosen barneskule har nett no 83 elevar frå 1.-7. årssteg og kring 12 tilsette. Skulen ligg fint til i ei solrik sørhelling, er sentralt plassert ved Fusa symjehall, idrettsanlegg og sentrumsfunksjonar i Eikelandsosen.
Personalet ved skulen har ein aktiv sosialkomité som arrangerer kjekke friviljuge opplevingar Vi vil gjerne ha deg med på turar og konsertar!
Arbeidsoppgåver
Undervisning i grunnskulefag 1.-7.årssteg til dømes norsk, matematikk, kunst og handverk, musikk eller kompetanse i byrjaropplæring. For fast pedagogstilling er kontaktlæraroppgåver aktuelt.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgje BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Brakabygda 40, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Lærer, Lektor, Undervisningsstilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392242287
- Sist endret