![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2022/3/vertical-5/16/c/f0c/c06/a0-/a51/2-1/1ec/-ae/18-/998/3e7/ccf/b2c_649376322.png)
Fagansvarleg marknads-og likviditetsrisiko
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 26.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med risikostyring i SpareBank 1 Sogn og Fjordane?
Vil du arbeide med risikostyring i SpareBank 1 Sogn og Fjordane?
God risikostyring er avgjerande i arbeidet med å sikre god forretningsdrift og nå dei strategiske måla til banken. Avdeling for risikostyring og etterleving er ei viktig brikke i dette arbeidet. Avdelinga søkjer ein motivert og engasjert medarbeidar som vil vere med å forme og utvikle risikostyrings-arbeidet, særleg innanfor marknads- og likviditetsrisiko.
Marknadsrisiko er risiko for tap knytt til eksponeringar i rente-, aksje- og valutamarknaden. Likviditetsrisiko er risiko for at banken ikkje klarer å oppfylle pliktene sine overfor långjevarar utan betydelege ekstrakostnader, i form av dyr finansiering eller prisfall på eigedelar som må realiserast.
Det er andre avdelingar i banken som har ansvaret for at banken held seg innanfor dei styrevedtekne rammene for marknads- og likviditetsrisiko, og elles følgjer eksternt og internt regelverk på området. I stillinga som Fagansvarleg for marknads- og likviditetsrisiko skal ein mellom anna sjå til at dei nemnde avdelingane opptrer i tråd med ansvaret dei er pålagde.
Arbeidsoppgåver
- Ha ansvaret for verdivurdering av banken sine verdipapir
- Kontrollere etterlevinga av banken sine risikorammer for marknads- og likviditetsrisiko
- Ha ansvar for banken sin modell for renterisiko
- Samarbeide med avdelingane som har ansvaret for risikoen banken er utsett for på marknads- og likviditetsrisikoområdet
- Deltaking i intern og ekstern rapportering, og i prosjektarbeid
Den som får stillinga, må også kunne delta i anna arbeid på avdelinga, først og fremst retta inn mot kapitalstyring.
Bakgrunn, kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi søkjer etter ein person med utdanning innanfor matematiske eller økonomiske fag. Interesse for fagfeltet og evne til å setje seg inn i nye tema kan kompensere for manglande formalkompetanse innanfor marknads- og likviditetsrisiko. Søkjarane bør ha:
- gode analytiske evner
- høg arbeidskapasitet og fagleg integritet
- evne til målretta og systematisk arbeid
- gode evner til munnleg og skriftleg framstilling
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på dei tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Arbeidsstad: Førde
Kontaktperson: Leiar avdeling for risikostyring og etterleving, Harald Slettvoll, tlf. 48 11 98 16.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Annet
Nøkkelord
Risikostyring, Etterleving, Marknadsrisiko, Likviditetsrisiko
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392393629
- Sist endret