Kontrollingeniør
Vestland fylkeskommune
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Kontrollingeniør
Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode, vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og
senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal
vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om
betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. På
avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som
vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre.
Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet
sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.
Arbeidsoppgåver
Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap (VDB) har ansvar for å drifte og vedlikehaldeelektroinstallasjonar og styresystem for fylkesvegane med tunnelar, veglys og bruer. I det inngår
planlegging av oppgåver og følgje opp elektroentreprenørar med tildelte midlar. Vårt mål er å syte for best
mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. Samstundes som vi tek miljøomsyn og vektlegg løysingar
som er sikre, energieffektive, smarte og har god levetid.
Kvalifikasjonar
For å styrke seksjonen sin elektro-kompetanse søkjer vi etter kontrollingeniør elektro for primært å følgjeopp våre elektro-kontraktar i Sogn og Fjordane. Arbeidsstad vil vere anten i Førde eller Leikanger.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6863 Leikanger
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Elektronikk, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Elektriker, Elektroingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vei, tunnel, automasjon, installasjon, belysning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392408217
- Sist endret