![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2018/10/vertical-5/17/8/a81/88a/d0-/d1f/a-1/1e8/-8c/5e-/27d/e2c/722/f68_450336433.png)
Spesialsjukepleiar/ spesialvernepleiar
Helse Bergen
- Frist 21.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar
Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er ein del av Avdeling for rusmedisin og består av ei sengepost og poliklinikk/ambulant team. Seksjonen består i dag av 2 psykologspesialistar, 1 psykolog, 1 lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.
Familieambulatoriet
Siden 2014 har Familieambulatoriet (FA) vore lokalisert på seksjon Tertnes og tilbyr frivillig behandling for gravide og familiar med barn i alderen 0-6 år, der éin eller begge foreldre har vanskar relatert til rusmiddel eller avhengigheitsskapande medikament. FA tilbyr poliklinisk og ambulant oppfølging og samarbeider tett med Kvinneposten dersom det er behov for innlegging i brukarstyrt seng eller ved behov for elektiv innlegging.
FA er ein tverrfagleg og tverretatleg intervensjonsmodell. FA skal samarbeide med og ha ein koordinerande rolle i forhold til andre einingar innan spesialisthelseteneste (fødselshjelp, nyfødtmedisin, barne- og ungdomspsykiatri og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)) og førstelineteneste (helse, sosial, barnevern), samt barnehage og ev. skole, PPT m.m. FA jobbar ut frå ein recovery-orientert behandlingsmodell.
Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner.
Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg og behandlinga består mellom anna av gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.
Vi har no ledig stilling som spesialsjukepleiar eller spesialvernepleiar. Arbeid på dag/kveld på FA og arbeid i gjennomsnitt kvar 3. helg på Kvinneposten.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk/ambulant oppfølging av pasientar
- Samarbeid i tverrfagle team
- Tett samarbeid med kvinneposten
- Samarbeid med andre instansar og kommunar
- Rettleiing
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Kartlegging av sosialt nettverk, arbeid, skole og anna
- Kartlegging av rusmiddelbruk
- Kartlegging av somatisk og psykisk helse
- Vurdering av andre tilbod og behandling
- Koordinering av tiltak saman med aktuelle samarbeidspartar
- Langsiktig oppfølging
Arbeid på helg:
- Behandling og ivaretaking av pasientar på sengepost
- Praktiske gjeremål
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med relevant vidaretutdanning
- Sjukepleiar med minimum 2 års erfaring kan og søke
- Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vere sjølvstendig, ansvarsbevisst, nøyaktig og engasjert
- Vere tolmodig
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
- Ha evne til å sjå pasientane sine behov
- Respekt for kvar enkelt pasient
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet og erfaring med pasientgruppa
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Spesialsykepleier, Spesialvernepleier, Sykehus, Rusmedisin, Åsane
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392502986
- Sist endret