Regnskapsfører
ØkoRåd Hardanger og Voss
- Frist 23.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Spanande moglegheit innan rekneskap i Ulvik!
ØkoRåd Hardanger og Voss er i vekst og søkjer etter ein ny kollega til vår avdeling i Ulvik! Me oppfordrar alle interesserte, både nyutdanna og erfarne rekneskapsførarar, til å søkja. Landbruk er eit viktig satsingsområde for oss, så det vil telja positivt om du har interesse eller erfaring frå denne kundegruppa.
Som rekneskapsfirma ynskjer me å skapa ein arbeidsplass som skil seg frå snittet i bransjen. Me ynskjer å ha ein fleksibilitet i arbeidskvardagen og eit berekraftig arbeidstrykk gjennom året. Vår ambisjon er å vera ein lokal, framtidsretta arbeidsplass. Det skal vera rom for ambisjonar og personleg utvikling, men også rom for ulikt arbeidstrykk gjennom livets ulike fasar.
Har du ei tilknyting til Ulvik – eller har du lyst til å hoppa på denne moglegheita for å sjekka ut om livet i Ulvik er noko for deg? Me oppfordrar både lokale og potensielle tilflyttarar til å søka! I Ulvik vil du finna nydeleg natur med mange flotte turmål, kjekke naboar og eit lokalmiljø i utvikling. Her er gode fritids- og kulturtilbod med mange aktive organisasjonar.
Arbeidsoppgåver:
- Kundekontakt
- Rekneskapsføring/lønn/årsoppgjer
- Rådgjeving
- Porteføljeansvar
- Vidareutvikla avdelinga saman med gode kollegaer
Kvalifikasjonar:
- Ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for landbruk
- Relevant erfaring frå rekneskap, lønnsarbeid, revisjon eller årsoppgjer
- Autorisert rekneskapsførar er ynskjeleg, men ikkje eit krav
- Dersom du har erfaring frå rådgjeving, rapportering eller andre økonomifunksjonar, kan du også vera ein aktuell kandidat for oss.
Eigenskapar:
- God systemforståing
- Gode kommunikasjonseigenskapar
- Sjølvstende og samarbeidsevne
- Er strukturert og systematisk
- God digital kompetanse
Me tilbyr
- Kjekt arbeidsmiljø med stor grad av fleksibilitet i arbeidskvardagen, blant anna fleksitid og høve til nokre dagar på heimekontor.
- Kontorplass i Ulvik saman med Ulvik-teamet, og fleire gode kollegaer og fagleg nettverk på Voss og i Øystese.
- Fagleg og personleg utvikling. Tilbod om intern og ekstern kursing.
- Moglegheit for å utforska nye ansvarsområde både internt og i Økoråd-kjeden.
- Gode lønns- og pensjonsvilkår
Om arbeidsgiveren
ØkoRåd-kjeda består av 40 rekneskapskontor med lokale avdelingar over heile landet. ØkoRåd Hardanger og Voss har avdelingar i Øystese, på Voss og i Ulvik. ØkoRåd leverer tenester innan økonomi. Rekneskap er vår kjerneverksemd.
Me er tett på kunden, og me er opptekne av personleg utvikling og trivsel på jobb.
Bli ein del av oss!
- Sektor: Privat
- Sted: Storøyni 10, 5730 Ulvik
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rekneskapsfører, regnskapsfører, rådgiving, økonomi, autorisert
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392511200
- Sist endret