![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2023/3/vertical-5/22/e/8fd/79c/50-/c8a/3-1/1ed/-af/b6-/814/d1d/a53/6fe_1612399374.jpg)
Midlertidig stillingar (3 årsverk)
Klima- og miljødepartementet
- Frist 23.2.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du arbeide med å ordne dei avslutta arkiva til Klima- og miljødepartementet?
Vi har ansvar for dagleg drift og utvikling av KLD si fullelektroniske arkivteneste, samt at rutinar og dokumenthåndtering er i samsvar med gjeldande reglar og instruksar. Vi er 8 kollegaer, og har det triveleg saman i eit hektisk og hyggeleg miljø.
Om stillinga:
Vi søkjer medarbeidarar som vil vere ein viktig ressurs i ein periode med auka arbeidsmengde grunna fleire større oppgåver fram til flytting til nytt regjeringskvartal sommaren 2026. Tiltredelse så raskt som mogleg og fram til 30. juni 2026 ( med med moglegheit for forlenging)
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
Papirarkiva må flyttast til Arkivverket sine lokale før innflytting i det nye regjeringskvartalet, då det ikkje er plass til dei der. For å kunne avleverast til Arkivverket, må arkiva ordnast i samsvar med gjeldande regelverk.
Arbeidet som blir utført, held høg kvalitet, og det er nødvendig å samarbeide godt for å løyse oppgåvene. Dei tre stillingane er del av eit eige prosjekt og skal ikkje inngå i det ordinære arbeidet i eininga. Likevel er det viktig at arbeidet blir utført med høg kvalitet, og at dei som blir tilsette har gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig. Arbeidet skal utførast saman med to andre rådgjevarar.
- Ordne og føre lister over dei bortsette papirarkiva til KLD, i tråd med gjeldande lovkrav og retningsliner for offentlege arkiv.
- Hjelpe til med å finne fram arkivmateriale i ordningsperioden.
- Sakshandsaming innanfor ansvarsområda til stillinga.
Vi søker deg som har følgande bakgrunn:
Vi søker tre medarbeidere til vårt team. For å sikre en helhetlig og effektiv sammensetning av teamet, vil vi vurdere den totale kompetansen og erfaringen til alle tre kandidater samlet.
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant erfaring med ordning av arkiv i offentleg sektor.
- Relevant høyere utdanning fra universitet/høgskole (minimum bachelornivå), for eksempel innen arkivfag, dokumentasjonsforvaltning, samfunnsvitenskap eller historie. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Kunnskap om papirarkiv.
- Kunnskap om relevant lovverk.
- God skriftlig og muntlig kommunikasjonsevne på norsk.
- God samfunnsforståelse.
- Erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til politiske prosessar er ein forde.l
- Ønskeleg med kjennskap til ASTA.
- Fordel med erfaring fra prosjektarbeid.
For å lukkast i stillinga må du ha:
- Du er målretta og arbeider systematisk og strukturert, både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
- Du tek initiativ og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.
- Du har gode samhandlingsevner.
- Du er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne.
- Du er resultatorientert.
- Du har stor arbeidskapasitet.
Søkjar må kunne bli autorisert til nivå "Begrensa" i høve sikkerheitslova sine føresegner.
Kvifor skal du jobbe hos oss?
- Arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø.
- Ein spennande jobb med eit særs interessant arkiv som dokumenterer verksemda til KLD.
- Rom for sjølvstendig arbeid.
- Eit godt arbeidsmiljø og ein arbeidsplass sentralt i Oslo sentrum og på Sognsvann.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstid.
- Høve til å trene i arbeidstida.
- Eigen bedriftshelseteneste.
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.
Lønn:
Som ein hovudregel blir det kravd minimum to års relevant erfaring for å bli rådgjevar.
Årslønn for rådgjevar frå kr. 600 000 til kr. 720 000 per år, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
Frå lønna blir det trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse.
Er dette stillinga for deg? Les dette:
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Utanlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjende. Godkjenninga må du leggje ved.
- Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR.
- Ver merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å vere unnateken frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand.
- Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søkje.
Om arbeidsgiveren
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren, Senter mot marin forsøpling og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 260 tilsette.
Organisasjonsavdelinga varetar stabsfunksjonar for politisk leiing og departementsråd, utviklar og held ved like styringssystem og fastset overordna retningslinjer for ein effektiv og samordna leiing av departementet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Kongens gate 20, 0153 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Dokumentasjon
Nøkkelord
dokumentforvaltning, papirarkiv, arkivforvaltning, dokumentasjon, regelverk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392515395
- Sist endret