Vernepleiar / sjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne
- Frist 27.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi du vera med å bidra i vårt nye bufellesskap
Søfteland bufellesskap er eit nytt bufellesskap under Tilrettelagte tenester i kommunen og har ledig:
- 100 % fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar
Stillinga er i turnus (f.t ordinære dag- og kvelkdsvakter, samt langvakter på helg; kvar 4. helg)
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år.Tenestene består av 9 bufellesskap, ambulerande miljøtenester og 2 dagsenter.
Søfteland bufellesskapet ligg flott plassert i etablert bustadområde på Søfteland ca 10 min frå Os sentrum. Vi gjev tenester til 6 unge tenestmottakarar med varierande funksjonsnedsettingar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer fortrinnsvis deg som har utdanning som vernepleiar eller sjukepleiar. Det er ønskjeleg med erfaring i frå målretta miljøarbeid med personar med nedsette funksjonsevner, men erfaring i frå eldreomsorg eller psykisk helsearbeid vil også kunne vere relevant. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi ønsker å ha ei personalgruppe med størst mogleg kompetansebreidde, samt stor vidd i personlege kvalifikasjonar og eigenskapar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil ligge ansvar knytt til medisin, og ein må forventa primær- eller sekundærkontaktansvar knytta til stillinga.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
Nøkkelord
vernepleier, sykepleier, vernepleiar, sjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392515688
- Sist endret