Vi har ledig eit toårig vikariat som rådgjevar / seniorrådgjevar i seksjon miljø og klima
Landbruksdirektoratet
- Frist 24.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vi styrker arbeidet med å gjere jordbruket meir miljø- og klimavenleg. Vil du bli vår nye kollega?
Om stillinga og seksjonen vår
Er du engasjert i klima- og miljøspørsmål, kunnskaps- og utviklingsorientert? Vil du arbeide med løysingar for ein miljøvenleg jordbruksproduksjon som held ved like kulturlandskapet med minst muleg avrenning og klimagassutslepp? Har du utdanning og erfaring frå desse fagområda? Da vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi lyser ut vikariatet fordi seksjonen skal arbeide med utvikling av ei forvaltningssystem for den nye gjødselbrukforskrifta, og vikariatet skal bidra til at dei andre oppgåvene våre blir godt ivaretekne i utviklingsperioden. Stillinga vil ha hovudvekt på sakshandsaming og drifts- og utviklingsoppgåver på seksjonen sitt ansvarsområde.
I seksjon miljø og klima arbeider vi for eit meir miljø- og klimavenleg jordbruk. Vi har ansvar for tiltak for å redusere utslepp til luft og vatn, ta vare på kulturlandskapet, jordhelse, naturmangfald og utvikling av økologisk landbruk. Vi har nasjonalt ansvar for drift og vedlikehald av ulike miljøtilskot i jordbruket, og greier ut forbetringar og nye tiltak for at bruken av jordbruksareala både skal vere produktiv og miljøvenleg. Vi samarbeider med fleire direktorat, forskings- og rådgivingsmiljø og med forvaltninga. Vi er 14 engasjerte og dyktige medarbeidarar som ser fram til å få ein ny kollega!
Arbeidsoppgåver og ansvar
- Prosjekttilskot og andre tilskot - søknadshandsaming og oppfølging
- Utgreiings- og utviklingsoppgåver
- Andre oppgåver
Kvalifikasjonskrav
Du må ha
- relevant mastergrad, fortrinnsvis innan jordbruksfag eller annan relevant natur- og samfunnsvitskaplege fag.
- god kunnskap om norsk jordbruk og om klima- og miljøspørsmål i jordbruket
- minimum 2 års relevant arbeidserfaring
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
- erfaring med å innhente, analysere og bearbeide data
- erfaring frå sakshandsaming og / eller utgreiing i offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
- har eit ønske om å arbeide med miljø- og klimaspørsmål i jordbruket
- er strukturert og analytisk
- tek initiativ, ser mogelegheiter og arbeider for å finne gode løysningar
- har høg gjennomføringevne og evne til å tenke heilskapleg
- forstår forvaltninga si rolle
- samarbeider godt og kommuniserer klart og tydeleg
Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Inkluderende arbeidsliv og mangfold
Landbruksdirektoratet ser på mangfald som ein styrke. Vi har behov for medarbeidarar med ulike kompetansar, erfaringar og perspektiv for å kunna løysa samfunnsoppdraget vårt på ein god måte, og oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Vi oppmodar vidare kandidatar til å kryssa av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkarar innanfor desse gruppene, kallar vi minst inn éin søkar i kvar av gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor dei gruppene som vi nemner over, må du oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten). Avkryssingane i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Vi tilbyr
- Vikariat på inntil 2 år som rådgjevar i lønnsspenn frå kr. 530 000 til kr. 640 000, eller som seniorrådgjevar i lønnsspenn frå kr. 600 000 til kr. 780 000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgre løn. Frå lønna blir det trekt pensjonsinnskot etter gjeldande reglar.
- Godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø.
- Fagleg utvikling gjennom teamarbeid i et miljø prega av høg kompetanse.
- Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommartid, betalt overtid), og inntil to dagar heimekontor i veka.
- Bedriftsidrettslag og refusjon av treningsutgifter.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar.
Generelle opplysninger
- Søknad sendes elektronisk. Dersom du har problem med utfylling av elektronisk CV, kan du kontakta kundeservice hos Jobbnorge på epost kundeservice@jobbnorge.no eller på telefon 75 54 22 27.
- Attestar, vitnemål og annan relevant dokumentasjon skal registrerast i rekrutteringsportalen saman med elektronisk søknad.
- Dersom du ønskjer å reservera deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngivast. Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom ønskt reservasjon ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir utforma.
Om arbeidsgiveren
Landbruksdirektoratet gir faglege råd, set i verk landbrukspolitikken og legg til rette for landbruket og matindustrien. Vi skal bidra til å sikra eit godt kunnskapsgrunnlag og på bakgrunn av dette gi råd for politikkutviklinga. Landbruksdirektoratet er eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet (LMD).
Vi er om lag 250 tilsette med kontor i Oslo, Steinkjer og Alta. Du kan lesa meir om vårt samfunnsoppdrag på www.landbruksdirektoratet.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Innspurten 11D, 0663 Oslo
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Agronom, Saksbehandler, Samfunnsviter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392524116
- Sist endret