Kunderådgjevar privatmarknad Sogndal
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kollega på Sogndalskontoret?
Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har sterke røter som lokal sparebank i regionen. Her har vi alltid vore, og her skal vi alltid vere. Vi set kunden og rådgjevinga i fokus, og i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette vår største styrke.
Vi bidreg til vekst og utvikling i næringslivet og lokalsamfunnet. Vi heiar på dei som prøver, skaper og bygger. Vi er der i motbakke og når livet smiler. Vi er meir enn ein bank - vi er SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Saman med kundane våre skaper vi moglegheiter, saman skaper vi framtida.
Kontoret vårt i Sogndal husar både rådgjevarar på privatmarknad og bedriftsmarknad, samt eigedomsmekling. Saman med kontoret i Øvre Årdal og Høyanger er vi 20 dedikerte tilsette i region Sogn.
Vi har no ledig stilling som kunderådgjevar privatmarknad, på vårt kontor i Sogndal. Vil du vere med?
Vi søkjer deg som trivst med å vere der det skjer, og som blir motivert av ein variert kvardag i samspel med kjekke kollegaer og kundar. Om du får meistringsfølelse og energi i skapinga av gode relasjonar – då er du den vi er på jakt etter!
Som kunderådgjevar vil du få ansvar for å følgje opp og utvikle banken si kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar. Du blir kunden sin trygge og gode sparringspartar, som skal sikre at kunden sine behov står i fokus.
Kven er du? Vi trur denne jobben vil passe for deg som er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god på å sjå behov og å finne dei riktige løysingane for kundane. Du har ei solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i relasjon med kunden. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid.
Du har høgare utdanning og er autorisert finansiell rådgjevar. Relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning. Dersom ein ikkje er autorisert finansiell rådgjevar (AFR) legg vi til rette for å gjennomføre og bestå denne sertifiseringa.
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank.
Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
For informasjon om stillinga kontakt banksjef Laila Ruud, tlf. 481 67 160.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Hovevegen 6, 6856 Sogndal
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
Privat økonomi, Rådgiving, Salg, Kundepleie, Autorisert finansiell rådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392531245
- Sist endret