Kafémedarbeidar
Helse Bergen
- Frist 01.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Kafémedarbeidar vikariat
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga sine over 800 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing.
Hospitaldrift Matforsyning har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.
Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for drift av 3 matutsal på sjukehuset og betener over 2.000 gjester dagleg.
Vi har nå ledig ein 100% vikarstilling som kafémedarbeidar ved Hospitaldrift Matforsyning - Kafé
fra omgåande til og med august 2025.
Denne stillinga inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeidstid måndag til fredag mellom kl. 07.00 - 19.00.
Det tas forbehold om at turnus og arbeidstid kan bli endra.
Hvorfor velge oss:
Vi har fornøyde medarbeidere og brukere, noko som gjenspeglar seg i våre forbetrings- og serviceundersøkingar.
Du blir ein del av eit team som jobber for å sikre mattryggleik og høy kvalitet på våre tenestar.
Interessert?
Send inn din søknad i dag! Aktuelle kandidatar vurderes fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Yte profesjonell service og kundebehandling
- Betening av kasse - betalingssystem
- Tillaging av både varm og kald mat
- Vareeksponering
- Reinhald, oppvask og rydding
- Anna forefallande arbeid etter behov
- Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast
- Erfaring frå kantine- eller kafédrift og kundebehandling
- Vere serviceinnstilt og imøtekommande
- Ha kjennskap til IK-mat
- Vere løysingsorientert
- Over 18 år
- Taklar fysisk krevande arbeid
Personlege eigenskapar
- Er kundevennleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
- Har god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Evner til å sette seg inn i kundens ønsker og behov
- Er strukturert og nøyaktig
- Er fleksibel og kan arbeide i eit hektisk miljø
- Er fagleg interesse og engasjement
- Evner til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit aktivt bedriftsidrettslag
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien, 5009 Bergen
- Bransje: Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kafé, kantine, kjøkken, servering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392542621
- Sist endret