![Proxima Hydrotech AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/07/1/392/551/141_a482fef4-8559-4275-be04-b7fa89f123f4.jpg)
Elektriker
Proxima Hydrotech AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Elektriker / Energioperatør
Er du vår nye elektrikar?
Er du ein praktisk og løysingsorientert elektrikar som har lyst til å vera med på laget vårt?
Me leitar etter deg som kan bidra til at småkraftverka i vår portefølje yt optimalt, slik at dei produserer mest mogeleg grøn energi.
Hjå oss vil du få arbeide med både elektriske og mekaniske system, og kvar dag kan by på nye utfordringar. Me ser etter deg som har fagbrev som elektrikar, gjerne med kompetanse og erfaring frå høgspent. Kanskje du har arbeidd med energiproduksjon tidlegare, eller har interesse for fornybar energi og teknologi – uansett er det viktig at du er nysgjerrig og likar å lære. Du er sjølvstendig, men trivs også å arbeide i team. Å vera løysingsorientert og fleksibel er viktig for oss.
Kva ser me etter?
- Elektrikar , energimontør / operatør
- Erfaring frå drift eller vedlikehald – gjerne innan energi.
- Du er nysgjerrig, lærevillig og ser løysningar når andre ser problem.
- Sjølvstendig, men også gode samarbeidsevner -me er eit team!
- Førerkort klasse B
Kva kan me tilby?
- Ein jobb med mening – bidra til fornybar energi og berekraft.
- Eit uformelt og godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som har fokus på tryggleik og samarbeid
- Moglegheiter for fagleg utvikling og kurs.
- Gode betingelsar, pensjon og helseforsikring.
Likar du det du høyrer? Då vil me gjerne høyre frå deg! Send oss ein CV og søknad til post@proximahydrotech.no, så tek me kontakt.
Om arbeidsgiveren
Proxima Hydrotech AS blei stifta i 2017 med føremål om å reindyrke drift og vedlikehald av elektromekanisk utstyr på småkraftverk i Noreg.
Me har sidan oppstarten hatt hovudkontor i Kvinnherad kommune, og no finn du oss på Seimsfoss, Rosendal. Med tida har me vekse og har no også avdelingskontor i Bergen og Dale i Sunnfjord. Me har tilsette med lang erfaring innan vasskraft med eit allsidig kompetansespenn å spele på.
Proxima Hydrotech utviklar og leverer tenester og løysingar for både drift og vedlikehald. Innan drift av kraftverk tilbyr me ulike driftsmodellar, alt etter behov. Fokuset er å få mest mogeleg ut av tilgjengeleg vatn utan at det går ut over konsesjonskrava. I tillegg til driftstenester tilbyr me også utleige av både driftssystem og overvakingssystem som er spesialtilpassa for småkraftverk.
Innan vedlikehald og tilstandskontroll tilbyr me eit breitt spekter av tenester med fokus på forlenging av levetid på utstyret.
Verdiane våre
Profesjonelle: Me skal ha høg kompetanse for å løyse faglege utfordringar, levera kvalitet og vera ryddige og transparente i alle ledd. Tryggleik har alltid fyrsteprioritet.
Hjelpsame: Me skal alltid sjå etter moglegheiter framfor avgrensingar, dela dugleikar og kunnskap, og bidra til eit godt miljø.
Tillitsfulle: Me skal ha pågangsmot til å gjere det beste for både kundar og bedrifta, vera effektive og engasjerte, og tilpassa oss raskt om det er naudsynt.
- Sektor: Privat
- Sted: Seimsvegen 116, 5472 Seimsfoss
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Elektronikkmontør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
høgspent, fornybar energi, vedlikehold, Energioperatør, Energimontør
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392551141
- Sist endret