![Møre Folkehøgskule logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/10/8/393/009/968_9028ef66-bebf-4831-9458-8c0255c37e02.png)
Marknads- og internatkoordinator
Møre Folkehøgskule
- Frist 28.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Spennande stilling i ein levande organisasjon
Møre folkehøgskule søker ein engasjert marknads- og internatkoordinator!
Er du god på sosiale media, trivst i eit sosialt miljø og har hjarte for ungdom? Då kan dette vere jobben for deg!
Arbeidsoppgåver:
· Marknadsføring med hovudvekt på sosiale media
· Oppfølging av søkjarar og elevar
· Skape eit trygt og godt internatmiljø
· Avdelingsleiar for reinhald og ansvar for opplæring og oppfølging av elevane sine reinhaldsrutinar
· Kontakt med samarbeidspartnarar i lokalmiljøet
· Moglegheit for undervisning i valfag
Vi ser etter deg som:
· Har interesse for sosiale media og marknadsføring
· Er omsorgsfull, god på relasjonar og trivst med unge menneske
· Likar ein variert kvardag med både praktiske og administrative oppgåver
· Er initiativrik og grip sjansen når det er rett, men som også kan vere strukturert når det trengs
· Har relevant høgare utdanning (ønskjeleg, men ikkje eit krav)
Vi tilbyr:
· Ei spennande og variert stilling i eit levande folkehøgskulemiljø
· Engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
· Løn etter avtale og god pensjonsordning i SPK
Politiattest krevjast. Arbeidstid kan bli tilpassa skuleåret.
Søk no og bli ein del av fellesskapet vårt!
Om arbeidsgiveren
Møre Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg sentralt i Ørsta i hjartet av Sunnmøre, midt mellom majestetiske fjell og djupe fjordar. Skulen har unike moglegheiter for eventyr både til lands og til vanns. Vi har om lag 90 elevar fordelt på 5-6 spanande linjer, der fellesskap, opplevingar og læring står i sentrum. Elevane bur på skulen sitt internat, noko som skapar eit levande og inkluderande miljø.
Etablert i 1899, er vi ein sjølveigande stifting med ei lang historie – og vi ser alltid framover. Her får du vere med på å forme framtida til ein skule der engasjement, samhald og opplevingar står i fokus!
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Kyrkjegata 48, 6150 Ørsta
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Internettbaserte tjenester, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, Sosiallærer, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
markedsføring, sosiale medier, internat, ungdom, folkehøgskole
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393009968
- Sist endret