![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2025/1/vertical-5/10/4/dc2/cba/f0-/cf3/5-1/1ef/-a5/14-/13d/84b/4c2/d04_409f2cbd-16ee-4475-b49d-bdfbcd5f3435.png)
Då ønskjer vi deg som vår nye tilsynsmedarbeidar!
Statens vegvesen
- Frist 22.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Har du kompetanse på trafikkopplæring klasse A og B?
Vil du følgje opp at elevar på trafikkskular får god opplæring? Våre tilsynsoppgåver bidreg til auka trafikksikkerheit, sikrar like konkurransevilkår, og bidreg til at forbrukarane sine rettar blir ivaretekne. Er du oppteken av trafikksikkerheit og ønskjer å bidra til å redusere talet på drepne og hardt skadde i trafikken, så er dette jobben for deg.
Hos Tilsyn vest er det ledig stilling som tilsynsmedarbeidar innan trafikantområdet. Området vårt dekkjer Rogaland og Vestland fylke. Kontorstad vil vere Bergen.
Arbeidsoppgåver
Vi ser etter deg som har interesse for å føre tilsyn med trafikkskular og trafikklærarar i klassane A og B. I tillegg vil du arbeide med godkjenning av verksemder og personar som gir opplæring. Våre medarbeidarar jobbar svært sjølvstendig, og må òg fungere i team. Arbeidet inneber ein del reiseverksemd og saksbehandling i tilknyting til hovudarbeidsoppgåvene.
Kompetansekrav
- Du må vere utdanna trafikklærar.
- Du må ha førerett i klassane A og B, tyngre klassar er òg ein fordel.
- Du må ha opplæringskompetanse klasse A og B og helst ha erfaring som trafikklærar på motorsykkel.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad.
- Gode datakunnskapar er ein fordel.
- Kjennskap til offentleg forvaltning og saksbehandling vil vere positivt.
- Du må ikkje ha habilitetsmessige avgrensingar i forhold til oppgåveutføringa.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ei autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå HKDIR.
Vi legg òg vekt på at du:
- er strukturert og arbeider systematisk
- er sjølvstendig, samtidig som du har gode samarbeidsevner
- er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Testar og bakgrunnssjekk
Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Heiane 4, 5131 Nyborg
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Kvalitetssikring, Revisjon og kontroll
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
trafikklærer, klasse a, tilsyn, motorsykkel, saksbehandling
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393018811
- Sist endret