![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2024/11/vertical-5/26/f/0fa/12a/e0-/ac0/1-1/1ef/-96/ba-/273/f58/c30/a8f_a77c3312-1d3c-4ead-8c27-f79f7f740f5d.jpg)
Lærar
Sandnes kommune
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærar
Vil du vere med og gjere ein forskjell for våre elevar?
Forsand skule har ledig stilling som lærar frå 01.08.2025.
Me ser etter deg som er ein god relasjonsbyggar, er god på klasseleiing, og kan dine fag.
Skulen er ein del av Sandnesskulen, og har 10 klassar fordelt på 1. - 10. trinn. Me har 140 elevar og 30 tilsette i skule og SFO. Forsand skule ligg landleg til. Me har god boltreplass og nærleik til skog, fjell og sjø. Skulen disponerer mellom anna symjehall, idrettshall og kunstgrasbane.
Vår visjon er at læring og trivsel går hand i hand, og det blir reflektert i verdiane våre: Trygg, raus og engasjert.
Meir info om skulen kan du få ved å ta kontakt med rektor Sjur Atle Kleppa.
Arbeidsoppgåver
- Faglærar mellomtrinn/ungdomstrinn.
- Planlegge og gjennomføre undervisning i klasse og mindre grupper.
- Følge opp og bidra til fagleg og sosial utvikling hos elevane.
- Bidra til eit trygt og godt lærings - og arbeidsmiljø.
- Bidra til eit konstruktivt skule-heim-samarbeid.
- Ta aktivt del i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap.
- Undervisning med vekt på fagleg og sosial læring og utvikling for elevane.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule.
- Kompetanse og erfaring frå alle trinn i grunnskulen kan vere interessant.
- Breitt spekter av fag er av interesse, gjerne praktiske fag og språkfag.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er hovudmålform på Forsand skule.
- Tilfredsstillande politiattest er ein føresetnad for tilsetting. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden, men leverast før tiltreding.
- I denne stillinga vert det krevd at du leverer eigenerklæring for tuberkulose før tiltreding.
- Krav om norskkunnskap på minimum nivå B2
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner.
- God til å byggje relasjonar.
- Tydeleg, positiv og varm klasseleiar, som ser alle elevane.
- Evne til å vere målretta, fleksibel og løysingsorientert.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og ansvar.
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr
- Godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
- Fagkurs som er nødvendig for å halde høgt fagleg nivå i jobben.
- Heim-jobb-heim avtale
- Gratis symjing for alle tilsette i kommunens symjehallar
- Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforening
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Rettleiing for nyutdanna
Om arbeidsgiveren
Sandnes kommune er kåra til Noregs mest attraktive by i 2022. Visjonen vår er: "Sandnes – i sentrum for framtida" og verdiane våre er "Romsleg - Modig og Sunn". Verdiane våre skal visa igjen hos kvar enkelt medarbeidar og måten me jobbar på.
Sandnes ligg sentralt på Nord-Jæren, og er ein av Noregs mest folkerike kommunar. Kommunen har etablerte storby- og tettstadsområde, og er ein av fylket sine største landbrukskommunar. Me har idrettsmiljø i noregstoppen, eit yrande kulturliv og vakre friluftsområde på rekkje og rad. Kommunen kjenneteiknast og av av eit aktivt næringsliv og ei sterk kulturhistorie. Sandnes er alt dette og mykje meir!
Me ønskjer å vera ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet. Derfor oppmodar me alle kvalifiserte til å søkja - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion, etnisitet eller hol i CV'ein.
Me gjer merksam på at opplysningar om de som søkjar kan bli gjort offentleg, sjølv om du har bedt om unnatak frå offentleggjering av din søknad.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Espedalsvegen 156, 4110 Forsand
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kontaktlærer, allmennlærer, grunnskolelærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393036615
- Sist endret