Rektor
Sola kommune
- Frist 02.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Rektor
Sola kommune har ledig ei 100 % fast stilling som rektor ved Dysjaland skule med oppstart 01.08.2025.
Rektor er verksemdsleiar og har delegert personal-, økonomi- og resultatansvar. Skuleleiinga består av rektor og tre undervisningsinspektørar. Skulesjef er rektor sin næraste leiar.
Dysjaland skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg sør i Sola kommune. Frå hausten 2025/26 vil det vere 420 elevar fordelt på 10 trinn. Skulen har nynorsk som si målform, men har også bokmålsklassar på alle trinn. Skulen har eigen SFO.
Totalt på Dysjaland skule er det 60 tilsette. Klok og glad, er visjonen vår. Visjonen representerer fleire grunnleggande dimensjonar i skulekvalitet, som kompetanse, sosioemosjonell meistring og skulemiljø. Visjonen er forankra i organisasjonen og hos tilsette, elevar og føresette.
Skulen er ein MOT-skule, og har dei siste åra satsa særleg på leikbasert læring og kultur for lesing (satsing på biblioteket).
Tilsette på Dysjaland skule skal vere profesjonsutøvarar som arbeider etter faglege forklaringsmodellar. Rektor skal vere ein pådrivar og inspirasjonskjelde i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats for elevane sitt læringsutbyte.
- Sikre god elevmedverknad og eit inkluderande læringsmiljø.
- Drive skuleutvikling, samt leie og vidareutvikle skulen sitt satsingsområde og faglege profil.
- Tverrfagleg samarbeid om barna sitt oppvekstmiljø.
- Samhandle med tillitsvalde og verneombod.
- Forvaltning og kvalitetsutvikling.
- Resultat- og økonomistyring.
- Samhandling med elevar og føresette.
Kvalifikasjonar
- Du må oppfylle opplæringslova sine krav om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse.
- Sola kommune har vedteke at alle rektorar i kommunen skal ha formell kompetanse i skuleleiing som er tilsvarande 30 studiepoeng eller meir. Vi forventar at den som blir tilsett, oppfyller dette kravet, eller etter nærare avtale skaffar seg slik kompetanse. Det er ønskjeleg med leiarerfaring frå skuleverket.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir).
Sjå også godkjenning av utdanning frå utlandet: https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlege eigenskapar
- Som skulen sin nye rektor bør du ha evne og vilje til å:
- Vidareutvikle og fornye kompetansen skulen har
- Vere ein inspirasjonskjelde, pådrivar og støtte i kollegiet sitt utviklingsarbeid
- Sikre godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
- Vere ein tydeleg pedagogisk leiar som kan setje klare mål både på kort og lang sikt
- Vere løysingsorientert og ein samlande leiar for heile skulen sitt personale
- Initiere gode prosessar for stadig å heve kvaliteten i skulen
- Synleggjere skulen si verksemd på ein positiv måte
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- leiarutvikling i etablerte nettverk med dyktige skuleleiarar
- leiarstøtte og samarbeid med stab oppvekst og organisasjonsavdelinga
- Velferdsordningar
- Medlemskap per tiden i SPK
- Løn i samsvar med lokal lønspolitikk
Tilsetjing skjer på dei vilkåra og plikter som går fram av utlysninga og der lovane, reglementa og tariffavtalane som til kvar tid gjeld.
Om arbeidsgiveren
Sola kommune er en mellomstor kommune med 29 000 innbyggere og rundt 2 000 ansatte. Vi er en innovativ kommune, kjent for flotte strender og en rik kulturhistorie. Samlingen av Norge til ett rike skjedde trolig rett ved Ytraberget. Vil du bli med på å gjøre Sola til en enda bedre kommune å bo i?
Vi jobber for heltidskultur og ansetter fortrinnsvis i hele stillinger.
Opplysninger om søkere blir gjort offentlig tilgjengelig etter offentligloven § 25. Du må gi en begrunnelse hvis du ønsker å reservere deg fra å stå på offentlig søkerliste. Du får melding hvis reservasjonen ikke tas til følge.
For stillinger som arbeider med barn og for ansatte som yter tjenester etter helse- og omsorgstjenesteloven må det foreligge tilfredsstillende politiattest.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tjeltavegen 1, 4054 Tjelta
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rektor, Grunnskole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393174321
- Sist endret