Undervisningsstillingar, fast og vikariat, i Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune
- Frist 2.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli lærar i Bjørnafjorden kommune!
Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for barn og unge, og vil bidra aktivt for å skape trygge og inkluderande læringsmiljø for elevane våre.
Gjeldande satsingsområde for skulane i vår kommune er trygge og inkluderande skulemiljø, og lesing i alle fag. I Bjørnafjorden kommune skal alle med!
Elevane brukar mykje av tida på skulen. Det er viktig at dei er omgitt av trygge vaksne med oppdatert fagkompetanse, som viser engasjement og interesse for den enkelte elev i skulekvardagen, og legg til rette for motivasjon og trivsel. Dette er avgjerande for at vi skal nå dei måla vi har sett oss. Viss du kjenner deg igjen i dette, vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva ønsker elevane seg frå dei vaksne?
Elevane våre veit akkurat kva dei ønsker seg frå dei vaksne på skulen. Sjå filmen i utlysinga og høyr kva dei meiner er viktigast. Ser du utlysinga på PC, finn du lenke til video oppe til høgre i utlysinga.
Informasjon om skulane i Bjørnafjorden kommune
Kommunen har 14 barneskular og 3 ungdomsskular med til saman 3357 barn.
Skulane har ledig fleire stillingar frå skulestart i august, både fast og mellombels tilsetjing.
Vi tilbyr:
- Mentorordning og faste nettverk for nyutdanna lærarar
- Kontinuerleg fokus på læring og fagleg utvikling
- Tett samhandling og faste fora mellom leiarar, administrasjon og undervisningspersonell
- Konkurransedyktige funksjonstillegg for rådgjevarar og kontaktlærarar
- Etablerte prosjekt for arbeid med skulemiljø og førebyggjing av vold og truslar
- Etablerte ordningar for etter- og vidareutdanning
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og gode kolleger
Vi ønsker å ha mangfald på arbeidsplassane som gjenspeglar befolkninga og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Vi gler oss til å ta imot nye kollegaer til skulestart og håpar du vil vere med oss på laget!
For å søkja, klikk på «Søk her» øverst på sida, og velg den skulen som er aktuell for deg.
Informasjon om søknadsprosessen:
Ikkje vent med å sende inn søknaden din! Vi kartlegg kandidatar fortløpande.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 22
- Sted: 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærer, lærar, Undervisning, Lektor, Skole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393193808
- Sist endret