Produksjonsmedarbeider
Vossabia AS
- Frist 2.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du interessert i naturen, berekraft og gode kundeopplevingar?
Dronningbia leiter etter nye arbeidsbier som brenn for naturen, berekraft og gode kundeopplevingar.
Tenk deg ein solrik vårdag, der naturen har rista av seg vinterens beskyttande teppe og er i ferd med å eksplodere i fargar og aktivitet. Sjå føre deg at du står midt i alt dette vakre, fleire hundre meter oppe i fjellsida, med panoramautsikt utover fjell og dal, vatn og elv. For ein terapi! Dette er berre ei av dei mange opplevingane du kan ha, om du er så privilegert å få jobbe hjå oss i Vossabia.
Vil du samtidig vere ein del av ei verksemd som brenn for å formidle om natur, helse og kretsløp i eit større perspektiv, og utfordre korleis folk flest tenkjer om helse og hudprodukt? Ja, då er det hjå oss du bør søkje nye utfordringar!
Kvifor treng vi akkurat deg? Jo, fordi Vossabia er i stor vekst og treng difor fleire på laget. Me utviklar hud- og hårprodukt frå grunnen av med herlege råvarer rett frå naturen. Vert du motivert av å gi andre gode kundeopplevingar, lære nye ting og vil utvikle deg? Då er du truleg kandidaten me leitar etter!
Me søkjer både etter heiltids- og deltidsarbeidarar, og du treng ikkje ha bakgrunn frå liknande arbeid – me gir deg den opplæringa du treng.
I Vossabia tilbyr me:
· Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på Bulken
· Kjekke kollegaer som byr på seg sjølv
· Varierte arbeidsoppgåver innandørs og utandørs
· Gode utviklingsmoglegheiter i ei verksemd i stor vekst
· Moglegheit til å påverke for å sikre kvalitet og effektivitet
· Fysisk aktivitet - arbeidet utførast manuelt og ved bruk av kroppens styrke
· Moglegheit til å vere med på ei reise dei færraste får oppleve!
Dine oppgåver vil kunne bestå av:
· Produksjonsarbeid
· Kunde- og forhandlerservice
· Ordrebehandling
· Innhøsting av urter til produksjon
· Andre oppgåver som naturlig høyrer saman med operativ drift
Me ynskjer at du:
· Kjenner deg att i verdiane våre om heilskapleg helse
· Er sjølvstendig, og samtidig fungerer godt i team med gode kollegaer
· Er ansvarsfull, optimistisk og full av pågangsmot
· Toler fysisk tungt arbeid
Høyrest dette spanande ut? Send oss ein søknad, så møtest me kanskje blant vakre blomar og eng på Bulken!
Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du kontakte Hildegunn Hestvik på 911 76 783 eller Kjell Morten Brendøy på 915 68 975. Legg gjerne att ei melding dersom me er opptekne og ikkje kan svare med ein gong, så ringer me deg tilbake så snart som mogleg.
Søknadsfrist er sundag 2. mars.
Om arbeidsgiveren
Heilt sidan 2004 har Vossabia nytta gardens naturmangfald til hudpleie, mat og drikkeprodukt – bier, folk og natur i nært samspel. Men også lenge før Renate tok over var heilskap og naturmangfald i høgsetet. Oldefar Brynjulv dreiv som heradsgartnar og bonde, og oldemor Guri nytta urtene i mat, drikke og helse. Vossabia er stolt over å bringe familiegarden vidare med fokus på mat, helse og naturbruk.
Heilskap, helse og natur altså! Det er ikkje berre det me et som påverkar helsa, men og det me tek på hud og i hår, då det meste går rett i blodstraum og såleis påverkar heile oss. SÅ; Vossabia vil ”mate” huden, håret og dermed kroppen vår med KUN sunne, helserike naturlege næringsstoff. Mat utanfrå-inn. Slik kjem den raske effekten på alt frå kviser og sår, til psoriasis og eksem, eller utslett og kløe, vondt og verk og mykje anna for å dekke familiens behov på heilt naturleg vis.
Me driv økologisk, og tek nøye vare på naturmangfaldet over og under jorda, og er superstolte over alle ville vekstar som sprett opp på garden kvart år. Over 160 arter er registrert på våre gamle slåtteenger, som blir til mat og medisin for insekt, for kalvar og kviger, og me bruker det til mat, drikke, hud- og hårpleie. Herleg multibruk av naturengene, synest me! Og biene våre pollinerer og produserer bivoks og honning. Me sikrar oss slik også at vår produksjon ikkje berre tek vare på helse og natur, men og miljø og etiske problemstillingar me bryr oss om.
Alt er nøye gjennomtenkt og utvikla med kunnskap og kompetanse om helse og natur, høg kvalitet i alle ledd, skånsamt handlaga, med råvarer frå garden, ville vekster frå Hardangervidda og elles frå anna økologisk landbruk. Me håpar du kjenner forskjellen dette utgjer!
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Vætesvegen 92, 5708 Voss
- Bransje: Industri og produksjon, Jordbruk og skogbruk, Velvære
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Produksjon
Nøkkelord
produksjonsarbeid, kundebehandling, ordrebehandling, bærekraft, helse
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393196338
- Sist endret