Fagkonsulent
Bufetat
- Frist 03.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Fagkonsulent
Har du eit brennande engasjement for dei aller minste barna?
Region Vest, Senter for foreldre og barn avd. Sudmannske i Bergen, har ledig 100 % årsvikariat som fagkonsulent frå april 2025. Vikariatet kan forlengast.
Senter for foreldre og barn har som kjerneoppgåve å bistå kommunale barneverntenester med spesialisert utgreiing i barneverntenesta si undersøking etter Lov om barneverntjenester § 2-2, med fokus på foreldre-barn samspel, foreldre si omsorgskompetanse og barnet si fungering. Målgruppa er dei komplekse sakane der det er knytt stor usikkerheit til om foreldra kan gje tilstrekkeleg omsorg. Barn i målgruppa er 0-6 år, med prioritering av 0-3 år. Kompleksitet og stor grad av bekymring fordrar høg barnevernfagleg kompetanse og god vurderingsevne. Ved ledig kapasitet kan Senteret også tilby hjelpetiltak etter Lov om barneverntenester § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheter og å styrke tilknytning mellom foreldre og barn.
Senteret jobbar både heimebasert, med dagtilbod og døgnbasert. Ansatte går i turnus, for tida med inntil to seinvaktar i veka og arbeid kvar 6.helg. Senteret er bemanna med eigne nattevaktar, samt psykolog.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, samarbeid med dyktige fagpersonar og andre sentre, samt spennande oppgåver knytt til barnevernlov og nasjonalt standardisert forløp for senter for foreldre og barn.
Senter for foreldre og barn har tre avdelingar i Region Vest, med beliggenheit i Bergen, Førde og Stavanger.
Arbeidsoppgåver
- Jobba etter Standardisert forløp for utgreiing og omsorgsendrande hjelpetiltak, i team med andre dyktige og erfarne fagfolk.
- Nytte aktuelle kartleggingsverktøy og rettleiingsmetodar.
- Sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av utgreiingsoppgåver og rettleiing.
- Ansvar for dokumentasjon og rapportskriving i sakar.
- Ved behov, vitne i Barnevern- og helsenemnda/Tingretten.
- Samarbeide med foreldre, barneverntenester og andre aktuelle samarbeidspartar.
- Praktiske oppgåver knytt til senteret.
- Ansatte forventes å bidra i fagutviklinga ved avdelinga.
Kvalifikasjonar
Det er krav om:
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
- Enten minimum 30 studiepoeng relevant vidareutdanning og erfaring innan barnevernfagleg arbeid, eller minimum 60 studiepoeng relevant vidareutdanning eller mastergrad.
- Erfaring frå barnevernfagleg arbeid med vekt på senteret si målgruppe og oppgåver.
- Førarkort klasse B.
Det er ynskjeleg med:
- Erfaring frå kommunal barnevernteneste med vekt på utgreiing av omsorg for barn.
- Erfaring frå arbeid med spe- og småbarn.
- Erfaring frå sjølvstendig dokumentasjonsarbeid som inneber analyser og vurderingar.
- Metodikk/verktøy knytt til utgreiingsarbeid med foreldre og spe-/småbarn.
- Observasjonserfaring knytt til barn og samspel mellom foreldre og barn.
- Rettleiingskompetanse.
Personlege eigenskapar
- Gode evnar i relasjonsarbeid, også i krevande kontekstar.
- Kan jobba målretta og systematisk.
- God fagleg refleksjons- og vurderingsevne.
- Fleksibel og evne til å organisera arbeidet både sjølvstendig og i team.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Har eit positivt engasjement.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ, stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t kr. 502 300-625 000 pr år.
- Ved minst 60 studiepoeng relevant vidareutdanning er stillinga plassert i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1496 klinisk barnevernspedagog eller 1173 klinisk sosionom, p.t kr 584 500-667 700 pr år.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Noko høgare løn kan vurderast etter særskilt kompetanse.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Trening 1 time i veka i arbeidstida.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
Informasjon til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda bedre. Derfor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Senter for foreldre og barn, avdeling Sudmannske, i Bergen.
- Politiattest må fremleggast ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ynskjet ditt ikkje tas til følge.
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal lastes opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt tas med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Feråsvegen 13, 5251 Søreidgrend
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagkonsulent, Heltid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393204507
- Sist endret