Lærarstillingar ved ungdomsskulane i Øygarden kommune skuleåret 2024/2025
Øygarden kommune - Oppvekst
- Frist 09.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærarstillingar ved ungdomsskulane i Øygarden kommune skuleåret 2024/2025
Øygarden kommune har 20 grunnskular, fordelt på 16 barneskular og 4 ungdomsskular. I tillegg kjem vaksenopplæringa og morsmålsopplæring/ tospråkleg faglærarar.
Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er oppteken av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.
Skulane i Øygarden arbeider målretta for å skape skulekvardagar der elevane opplever meistring og lærelyst, - og samstundes ruste dei til å møta framtidas utfordringar. Utvikling av lærelyst legg til grunn livslang læring. Oppleving av meistring gjev mot til å gå laus på stadig nye utfordringar, fagleg og sosialt.
Dei næraste åra vil Fagfornyinga stå sentralt. Skulane i Øygarden er vi derfor spesielt oppteke av utviklingsområde knytt til vurderingspraksis, djupnelæring, elevinvolvering og inkluderande læringsfellesskap.
Det vert ledig eit uspesifisert avgrensa tal lærarstillingar for fast tilsetting og vikariat, heile stillingar og delstillingar i skulane for skuleåret 2025/2026.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på alle trinn i ungdomsskulen
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning for 5.-10.trinn
- Bachelorutdanning innan relevant fagområde
- Allmennlærarutdanning 1. - 10. trinn
- Fag-/ yrkesfaglærarutdanning
- Førskulelærarutdannig eller barnehagelærarutdanning med videreutdanning i spesialpedagogikk, minst 60 stp
- Annan godkjent lærarutdanning
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Vi ønskjer oss lærarar som
- Har eit positivt elevsyn og er oppteken av barn og unges læring og utvikling
- Vil bidra til eit godt læringsmiljø
- Kan påta seg kontaktlærarfunksjonen
- Bruker IKT som et naturleg verktøy i undervisninga, i samarbeid med kollegaer og føresette
- Er gode klasseleiarar
- Er fleksible og har gode samarbeidsevne
- Vil bidra til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Oversikt over ungdomsskulane i Øygarden kommune:
Sund Ungdomsskule: Ungdomsskule 8-10.
Tlf. 56 32 77 50. Rektor Anne Hufthammer.
Fjell Ungdomsskule: Ungdomsskule 8-10.
Tlf. 55 09 77 00. Rektor Bente Kleppe Lervik.
Tranevågen ungdomsskule: Ungdomsskule 8-10 med mottaksklasse for elevar med minoritetsspråk på ungdomssteget.
Tlf. 55 09 73 91. Rektor Martha Listou.
Øygarden ungdomsskule: Ungdomsskule 8-10.
Tlf. 56 38 77 25. Rektor Trine Omland.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393314872
- Sist endret