Leiar for det nye Sjukehusapoteket Våland
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 02.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Leiar for det nye Sjukehusapoteket Våland
Er du farmasøyt med leiarerfaring – eller har du eit sterkt ønskje om å få det?
Har du lyst til å ta steget inn i ei spennande leiarrolle, der du får vere med på å bygge opp eit nytt sjukehusapotek frå grunnen av?
Då kan dette vere sjansen din.
Ei unik moglegheit for deg som vil leie
Stavanger universitetssjukehus utvidar, og i november 2025 står nye sjukehuslokale klare på Ullandhaug. Samtidig vil det framleis vere aktivitet på det gamle sjukehuset, og difor etablerer vi no Sjukehusapoteket Våland – eit mindre, men viktig apotek med sju medarbeidarar fordelt på to avdelingar.
Du vil få personal-, økonomi- og fagleg ansvar, og du vil spele ei nøkkelrolle i utviklinga av tenestene våre ved apoteket. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer ei utfordrande og givande leiarrolle innan farmasien og få verdifull leiarerfaring innan ein samfunnskritisk sektor. Leiaren din blir administrerande direktør.
Kva inneber stillinga?
Som leiar for Sjukehusapoteket Våland får du ansvar for å:
- bygge opp og drive apoteket innanfor rammene våre i Sjukehusapoteka Vest
- følgje opp og vidareutvikle det gode samarbeidet med Helse Stavanger
- utvikle og sikre eit godt tenestetilbod på dei to avdelingane i apoteket
- bidra til å skape eit godt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane dine
Er dette deg?
Vi ser etter ein farmasøyt som:
- har erfaring med – og/eller sterkt ønskje om – å leie eit apotek
- fyller krava til å få driftskonsesjon
- er strukturert, pragmatisk og opptatt av å skape gode relasjonar til dei rundt seg
Kvifor velje oss?
Som leiar hos oss får du:
- ei sentral leiarstilling i eit sterkt fagmiljø, med eit viktig samfunnsoppdrag i botn
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- støtte frå engasjerte og erfarne leiarkollegaer
- konkurransedyktige vilkår og lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate, 4011 Stavanger
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
apoteker, sykehus, leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393345316
- Sist endret