![Ulstein Verft AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/320w/logo/object/80362652/ulstein_logo_cmyk__5767286584904485131_medium_52931391796141485.png)
Project Engineer Aftermarket
Ulstein Verft AS
- Frist 26.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Project Engineer Aftermarket
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft byggjer avanserte spesialfartøy og tilbyr eit breitt spekter av tenester innan nybygg og ettermarknad.Vi er inne i ei spennande periode med mange kontraktar og skal no utvide teamet vårt med ein ny ressurs for vidare utvikling av ettermarknadsområdet vårt.
Vi ser etter deg med interesse for maritim industri og skipsbygging samt med ei interesse for sal og prosjektgjennomføring. Du vil få interessante og utfordrande oppgåver i UlsteinVerft si ettermarknadsavdeling.
Arbeidsoppgåver
- Ta rolle som prosjektleiar på større ombyggingar
- Støtte prosjektleiar ettermarknad med kalkulering og planlegging av ettermarknadsprosjekt, her under bidra med erfaring og nøkkeltal frå gjennomførte prosjekt
- Vidareutvikle kalkuleringsmetodikk og -verktøy
- Bidra til at ettermarknadsavdelinga sine interesser er tatt vare på mot eksisterande og framtidige digitaliseringsprosjekt i Ulstein Group
Kvalifikasjonar og erfaring
- Innsikt i skipsbygging
- Erfaring innan gjennomføring av skipsbyggingsprosjekt/prosjektleiing
- God produksjons- og teknisk forståing
- Trivast med planlegging og kalkulering av prosjekt
Kvifor velje oss som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på ein variert og interessant jobb, gode kollega og moglegheit for personleg utvikling. Vi er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette.
Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon!
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Prosjekt Ingeniør, Ettermarked, Maritim industri, Skipsbygging, Prosjektledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393358145
- Sist endret