![Høgskulen i Volda logo](https://images.finncdn.no/dynamic/320w/logo/object/8812322/iad_3796773868569206243hvologo_hoved_vertikal_svart_digitalt.png)
Lærling i IT-driftsfag - st. nr. 6/2025
Høgskulen i Volda
- Frist 01.03.2025
- Ansettelsesform Lærling
Lærling i IT-driftsfag – st. nr. 6/2025
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda er det ledig stilling som lærling i IT-driftsfag frå 1.8.2025 til 31.7.2027. Læreplassen i IT-driftsfag ligg under IT, som er ein del av fellesadministrasjonen. Lærlingen vil jobbe tett saman med 2.årslærlingenpå avdelinga.
Kvalifikasjonar
Krav ved tilsetjing er fullført og bestått VG2 IKT/Informasjonsteknologi
Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til å arbeide sjølvstendig, ha god samarbeidsevne, positiv serviceinnstilling og å vere utviklingsorientert, nøyaktig og strukturert.
Arbeidsoppgåver
Arbeidspraksisen vil omfattealle hovudemnai læreplanen.
Høgskulen i Volda brukar m.a. Windowsservere, Microsoft 365, Azure, VMwareog Linux servere.
På nettverk og trådlaust bruker vi Cisco.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling.
Lærlingar vert løna etter statens regulativ i stillingskode 1362 lærling, med ei årslønn fordelt over læretida på 2 år. Ein føresetnad for tilsetjing er fullført VG1 og VG2 i det aktuelle faget. Arbeidstida er 37.5 timar pr. veke.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet).
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- Vitnemål og attestar
- CV
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til IT-sjef, Stig Flåskjer 70 07 51 67.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no (https://www.hivolda.no/)
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Om arbeidsgiveren
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Joplassvegen 11, 6103 Volda
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: IT-support
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393447599
- Sist endret