Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 27.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar? Bli ein del av Helse Fonna🫶
Er du vår nye kollega på Haugesund Sjukehus? Vi treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar 🥰🩺
Vi ser etter deg som får autorisasjon eller som allereie har autorisasjon som sjukepleiar. I Helse Fonna blir du ein del av eit stort kollegium med omlag 4200 medarbeidare. Bli en del av et spennande miljø på ein av desse avdelingane 👇
Haugesund Sjukehus
- Gastroenterlogisk og nyremedisinsk post
- Gastrokirurgisk/ urologisk post
- Eldremedisinsk post alderspsykiatri
- Bemanningssenter
Stillingstorleik er 100 %, men det er moglegheit for redusert stilling om du heller ønskjer det. Oppstart vil vera sommar eller haust 2025. Oppgi i søknad kva avdeling du søkjer i prioritert rekkjefølgje. Les mer om avdelingane under 👇
🫶 Vi ser frem til å få søknaden din
Arbeidsoppgåver
Gastroenterlogisk og nyremedisinsk post
👉 Hos oss er fagleg vekst ein prioritet. Vi arrangerer regelmessige fagdagar og tilbyr kurs for å styrke både din og avdelinga sin kompetanse. Dersom du ønskjer å vidareutdanne deg innan gastro- eller nyresjukepleie, har du også gode moglegheiter til dette her hos oss.
Arbeidsdagen vår byr på utfordringar som vil kreve ditt beste, men også på rolige stunder der du verkeleg kan gjere ein ein forskjell for pasientane våre. Du vil bli ein del av eit arbeidsmiljø som både er utfordrande og støttande, med hyggjelege og kompetente kollegaer.
Gastrokirurgisk/urologisk sengepost
👉 Hos oss vil du få ei rekke utfordrande arbeidsoppgåver og eit miljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar! Du kan velje mellom vanlege vakter 16 helgar i året, langvakter 16 helgar i året med lønnskompensasjon eller langvakter 12 helgar i året. I vår avdeling har vi lagt opp til faste fagdagar og simuleringsdagar i turnusen.
Vi har både planlagde og akutte innleggingar. Ein stor del av pasientane er kreftpasientar i ulike stadium av sjukdommen. I tillegg har vi pasientar med andre gastrokirurgiske og urologiske tilstandar.
Eldremedisinsk post alderspsykiatri
👉 Brenn du for at eldre skal få ei heilskapleg spesialisthelseteneste?
Hos oss finn du eit arbeidsmiljø prega av glede, tverrfagleg samarbeid, og der den beste pasientomsorga alltid står i fokus.
Som ein del av teamet vårt får du moglegheita til å byggja kompetanse gjennom erfaringar og tverrfagleg samarbeid, samtidig som me legg stor vekt på fagleg utvikling.
Du vil få ein jobb der du og pasienten blir sett og høyrd, og du kan vera trygg på at du får utvikla deg i eit positivt og lærerikt miljø.
Bemanningssenter
👉 Er du eller ønsker du å bli en allsidig sjukepleiar? Bli en del av vårt bemanningssenter. Dykk kan sjølv påvirke kva avdelingar de ønskjer å jobbe på og skape dykkar eige kompetansefelt. Som del av vårt bemanningssenter vi du være en viktig ressurs på tvers av ulike avdelingar, der du får brukt heile bredda av dine ferdigheiter. Hos oss får du varierte dagar og spanande utfordringar.
Kvalifikasjoner
- Ha eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning vår/sommar 2025
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr
- Gode støttefunksjoner
- Varierte oppgaver
- Godt arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykehus, Sykepleier, omsorg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393451221
- Sist endret