![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2018/10/vertical-5/17/8/a81/88a/d0-/d1f/a-1/1e8/-8c/5e-/27d/e2c/722/f68_450336433.png)
Cytologisk screener
Helse Bergen
- Frist 05.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Bioingeniør - Cytologisk screener
Avdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling som er delt inn i fleire seksjonar; rettsmedisin og obduksjon, biopsi, immun, cytologi og merkantil. Det er fleire spesialfuksjonar som immunhistokjemi, nevropatologi, nyrepatologi, oralpatologi og flowcytometri. Ved seksjon for cytologi, er det no behov for ein bioingeniør som er screener og fortrinnsvis med vidareutdanning i klinisk cytologi. Det blir årleg analysert ca. 60 000 prøver ved seksjonen. Flesteparten av prøvene er gynekologiske prøver (frå Livmorhalsprogrammet) som blir analysert for HPV og screena etter celleforandringar, og AI basert screeningmetode er innført i einheten. Om lag 6000 av prøvene er punskjonar og væsker (ikkje-gynekologiske).
Det er omtrentlig 150 tilsette på avdelinga, med ein stor andel legar, bioingeniørar, ingeniørar og fagarbeidarar i tekniske stillingar. Ved avdelinga er det mange engasjerte og trivelege tilsette, og vi søkjer etter ein medarbeidar som kan trivast i eit hektisk og spennande arbeidsmiljø. Her vil du vere ein viktig aktør i ei kontinuerleg utvikling. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide målretta og som set fagleg kvalitet høgt.
Avdelinga held til i lyse, store lokale midt i sentralblokka ved Haukeland universitetssjukehus. Vi jobbar målretta mot å bli leiande innan vårt fagområde og vi følgjer tett på den teknologiske utviklinga i faget.
Det er ledig ei 100 % fast stilling for ein screener ved Avdeling for patologi.
Arbeidsoppgåver
- Bioingeniøren som blir tilsett skal delta i dagleg runtinearbeid ved Seksjon for cytologi der hovudoppgåva vil vere screening av gynekologiske og ikkje gynekologiske prøver
- Den som blir tilsett vil etter kvart vere deltakande på poliklinisk undersøking (ROSE - Rapid Onside Evaluation).
- Det vil òg vere aktuelt å delta i anna laboratoriearbeid som mottak og preparering av cytologiske prøver, analysering av HPV og flowcytometri
Kvalifikasjonar
- Ferdig opplært screener, fortrinnsvis med vidareutdanning i klinisk cytologi
- Norsk autorisasjon som bioingeniør eller annan relevant utdanning på bachelornivå
- Erfaring med screening av gynekologiske og ikkje-gynekologiske prøvar blir lagt vekt på
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er målretta og får oppgåvene gjort
- Du må kunne jobbe godt både sjølvstende og i team
- I jobben er du positiv, oppfinnsam og løysingsorientert
- Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
- Du trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
- Du er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Screener
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393484620
- Sist endret