Fagingeniør Medisinsk mikrobiologi
Helse Fonna HF
- Frist 13.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli vår nye fagingeniør?
Medisinsk mikrobiologi er ein del av avdeling for laboratoriemedisin ved klinikk for medisinske tenester og beredskap i Helse Fonna. Laboratoriet vårt ligg flott til i den nye sørvestblokka med storslagen utsikt over Smedasundet og havet i vest. Avdelinga vår har teke i bruk ny avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar. Vi er i stadig utvikling.
Vi søkjer etter ein engasjert fagingeniør til ei ledig fulltids fast stilling i dagturnus. Arbeidstida vil innebere laurdags- og heilagdagsvakter - vaktene blir fordelt mellom bioingeniørar i vaktplanen.
Høyres dette interessant ut? Da vil vi gjerne høyre fra deg.
Nyutdanna vert oppmoda til å søkja på stillinga. Det blir kalla inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Delta i laboratoriets rutinearbeid, inkludert blodprøvetaking
- Delta i laboratoriets kvalitets-og forbedringsarbeid
- Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr
- Utføra arbeid etter gjeldande prosedyrar og retningslinjer, og halda seg oppdatert på endringar
- Utføra delegerte arbeidsoppgåver frå fagansvarleg ingeniør
- Halda seg fagleg oppdatert, delta og bidra på kurs, internundervisning og møte
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon.
- Anna relevant utdanning og erfaring kan og bli vurdert.
- Kompetanse og erfaring innan mikrobiologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Kunnskap og erfaring innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
- Gode kommunikasjonsferdigheter i norsk, muntlig og skriftlig
Det vil bli lagt stor vekt på personlige eigenskapar og vilje til å ta ansvar.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har høg arbeidskapasitet, motivasjon og interesse for fagfeltet
- Har gode samarbeidsevner
- Er punktleg og påliteleg
- Er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Tilpassar deg lett, er løysningsorientert, lærevillig og fleksibel
- Trivst i eit tverrfagleg miljø
- Toler å stå i krevjande situasjonar og meistrar høgt tempo
- Bidreg positivt til eit fagleg og sosialt arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit trivelig og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling
- Ein spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundsgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Mikrobiologi, Laboratoriet, Fagingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393629402
- Sist endret