
Vi ser etter deg som er lungesjukepleiar eller ynskjer vidareutdanning innan lungesjukepleie
Helse Bergen
- Frist 09.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi ser etter deg som er lungesjukepleiar eller ynskje vidareutdanning innan lungesjukepleie
Vi ynskjer å styrkje teamet vårt i medisinsk poliklinikk og på medisinsk sengeposten. Vi ser etter deg som er lungesjukepleiar eller ynskjer vidareutdanning innan lungesjukepleie.
Vi har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar med vidareutdanning i lungesjukepleie eller sjukepleiar som er motivert til å starte utdanning frå hausten 2025. Stillinga er ein kombinasjonsstilling mellom sengepost og poliklinikk med arbeid kvar 3. helg.
På sengepost er du ein del av eit aktivt indremedisinsk miljø med høg fagleg kompetanse der du bidreg i behandling av våre heildøgnpasientar. I poliklinikk arbeidar du sjølvstendig som lungesjukepleiarar med ulike funksjonstestar, undersøkingar og prøvetakingar. Lungesjukepleiar assistere og lungelækjar under ulike prosedyrar som til dømes pleuratapping og bronkoskopi. Lungesjukepleiar deltek og i arbeid med søvnpoliklinikk i tett samarbeid med lækjar. Medisinsk poliklinikk har også hjartepoliklinikk kor lungesjukepleiar i periodar har oppgåver og får høve til å arbeide saman med kardiolog.
Lyst å vite meir? Vi håpar å høyre i frå deg.
KARRIEREUTVIKLING
Voss sjukehus tilbyr økonomisk stønad til vidareutdanning innan lungesjukepleie. Oppstart av studie er hausten 2025 ved Høgskulen på Vestlandet.
Delta i sjukepleiarstyrt poliklinikk.
KVEN ER VI PÅ MEDISINSK SEKSJON?
Medisinsk seksjon har ein generell indremedisinsk sengepost med 20 heildøgnsplassar. Vi behandlar pasientar med ulike diagnosar - til dømes hjarte, lunge, nyre, infeksjonar, diabetes og kreft. Her vil du samarbeida med mange ulike profesjonar. Me har eit nært samarbeid med andre seksjonar på sjukehuset, Haukeland Universitetssjukehus og samarbeidskommunar i vårt nedslagsfelt.
Medisinsk sengepost er ei aktiv avdeling med varierte arbeidsoppgåver, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Dersom du ynskjer å opparbeide deg brei og solid erfaring, samt god kompetanse innafor fleire spanande fagområde er vår avdeling rett plass for deg.
Medisinsk poliklinikk er del av Medisinsk seksjon. I medisinsk poliklinikk ivaretar vi pasientar med ulike indremedisinske lidelsar som lunges og hjarte sjukdommar.
OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar. I tillegg kjem det pasientar frå randkommunane.
OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom Ekstremsportsveko, som vert arrangert kvart år. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i poliklinikk i kombinasjon med turnusarbeid på sengepost
- Undervising
- Pasientoppfølging
- Rettleiing av kollega og studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i lungesjukepleie eller ynskje om vidareutdanning i lungesjukepleie
- Gode norskkunnskapar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Evnen til å arbeide målretta og strukturert med arbeidsoppgåver
- Ansvarsbevisst og engasjert
- Samarbeidsvillig og sjølvstendig
- Vise vilje til utvikling og endring
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg utvikling gjennom omfattande opplæring
- Vidareutdanning innan lungesjukepleie på masternivå med økonomisk støtte
- Meiningsfylt og interessant arbeid
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5700 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lungesykepleier, lungesjukepleiar, Voss, sykepleier, sjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394093501
- Sist endret