![Lingalaks AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/8/vertical-0/08/0/364/713/590_66aa8d1a-5fbf-4465-b057-3013a37c2848.png)
Fartøyansvarleg
Lingalaks AS
- Frist 16.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Fartøyansvarleg søkjast til framtidsretta havbruksselskap
Er du ein fartøy-interessert person med maritim bakgrunn? Kunne du tenke deg å vere ein sentral aktør i eit selskap som prioriterer berekraft, innovasjon og kvalitet?
Om stillinga
Som fartøyansvarleg vil du få ei nøkkelrolle i arbeidet med å planlegge vedlikehald og sikre best mogleg utnytting av fartøya som Lingalaks nyttar for å produsere berekraftig mat. Du vil jobbe tett med produksjonsavdelinga og leverandørane våre. Alt for at me skal produsera fisk på best mogeleg måte. Du vil vere ein nøkkelperson for å bruke og utforske moglegheiter i dette systemet.
Dine hovudoppgåver:
- Dagleg vedlikehaldsplanlegging og koordinering av selskapet sine fartøy
- Kooridinering av interne mekanikarressursar og eksterne leverandørar for vedlikehald
- Etablering av planer for slipping av fartøy i henhold til myndigheitskrav
- Planlegge og gjennomføre slipping & modifikasjonsprosjekt i Lingalaks og Varde – i samarbeid med driftsleiarar og mekanikarar.
- Nytte vedlikehaldssystemet som grunnpilar for loggføring og arbeidsfordeling
- Rådgivning/konsultering opp mot Teknisk Sjef / budsjettestimering og overslag
- Ansvar for internkontroll og tenke HMS innanfor ansvarsområde
Me søkjer deg som har:
- Høgare teknisk utdanning eller maritim skule, teknisk fagskule eller høgskuleutdanning (min 2-3 år)
- Ønskeleg med 5-10 års erfaring frå tilsvarande eller liknande stilling
- Erfaring frå drift av akvakulturanlegg, høvesvis matfiskanlegg.
- Inngående kjennskap til fartøy/mindre båtar som selskapet besitter
Me tilbyr deg:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit framtidsretta selskap i rask utvikling
- Ein sterk kultur med fokus på berekraft, innovasjon og kvalitet
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår, samt solid forsikrings- og pensjonsordning
- Ein arbeidsgjevar med djupe røter i lokalsamfunnet og ein visjon om å gjere ein forskjell for framtida
Er du klar til å bli ein viktig del av teamet vårt? Send søknaden din til oss innan 16.03.2025 og bli med på reisa mot ei berekraftig og innovativ framtid!
Om arbeidsgiveren
Lingalaks er eit familieeigd og vestlandsbasert havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa, med visjonen: "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon. Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i."
- Sektor: Privat
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Marinteknikk / Naval architecture, Teknisk service
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
havbruk, rådgivning, Intern kontroll, Fartøy
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394235196
- Sist endret