Sommar- og tilkallingsvikar
Bufetat
- Frist 15.05.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Sommar- og tilkallingsvikar
Har du eit sterkt hovud og varmt hjarte, og eit engasjement for arbeid med barn og unge?
Fleire av våre einingar i Bufetat, region Midt-Norge, ser etter sommar- og tilkallingsvikarar. Er du under utdanning, har ein relevant bachelorgrad/fagbrev, eller har erfaring frå liknande arbeid, bør du ta ein kikk på denne annonsen!
Hos Bufetat vil du få ein variert arbeidskvardag og moglegheita til å bli godt kjend med korleis ein jobbar med barn og unge ute på einingane. Hos oss er det også viktig at arbeidsmiljøet er trygt og raust, slik at vi er i stand til å handtere krevjande situasjonar som oppstår. Ein jobb hos oss vil gi deg ny kunnskap og praktisk erfaring – og ikkje minst utvide nettverket ditt! Les meir, og bli betre kjent med oss her: https://www.bufdir.no/om/jobb-hos-oss/jobb-i-bufetat-region-midt-norge/
Vi ønskjer ein søknadstekst der du skriver kort om deg sjølv og din relevante erfaring, og om motivasjon for stillinga.
Vi søkjer vikarar til både avdeling Klatrevegen og avdeling Nygardsvegen
Hos oss startar ferieavviklinga i uke 26, og vil vare til og med uke 33. Vi ønskjer derfor at du er til stades i desse vekene, men kan leggje til rette for ferieønskjer.
Vi vil fortlaupande invitere aktuelle kandidatar til eit intervju. Søkarar som kan binde seg til større stillingar, vil bli prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til at våre barn og unge får ein trygg og stabil kvardag
- Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktivitetar
- Gjøre noko saksbehandling i form av skriftleg dokumentasjon og rapportering
- Utføre praktiske gjeremål ved eininga
Kvalifikasjonar
Når det kjem til utdanningsnivå ønskjer vi at du oppfyller minst eitt av følgjande krav
- Du er under relevant høgskule-/universitetsutdanning
- Du har ein tre-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet med 180 studiepoeng
- Du har relevant utdanning frå videregåande skule, i kombinasjon med erfaring frå arbeid med barn og unge
- Du har erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
- I tillegg må du ha førerkort for bil (klasse B), helst med manuelt gir
Utover dette er det ønskjeleg at du har
- Erfaring frå samtaler, kartlegging og arbeid med barn og unge i krise
- Gode IT-ferdigheter
- God skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du må vere ein trygg voksen som byr på deg sjølv og har eit genuint ønskje om å hjelpe andre
- Du evnar å sjå alle som enkeltindivid og kan skape trygge relasjonar til barn og unge
- Tålmodig og med ein stor evne til empati
- Fleksibilitet og evne til å stå stødig og jobbe målretta i ein stressande og uforutsigbar jobbkvardag
- Fordi arbeidet på einingane kan vere både fysisk og psykisk krevjende, stilles det krav til alminneleg god helse
For oss er det også svært viktig korleis du vil passe inn hos oss, og om du som person eignar deg til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleier, p.t. kr 466 600 - 584 500 pr. år, eller i stillingskode 1185 spesialutdanna sosionom, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1509 spesialutdanna vernepleier, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 646 00 pr. år. For deg som har fagbrev eller er under utdanning gjelder stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t kr 443 000 - 509 300 pr. år, 1203 Fagarbeider m/fagbrev p.t. kr 432 800 - 502 300 pr. år eller 1486 miljøarbeider, p.t. kr 394 100 - 495 200 pr. år. Avlønning og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Hos oss vil du også få
- Delta i sosiale tiltak sammen med gode kollegaer
- Eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
- Moglegheita til å bidra til å gjere ein forskjell for sårbare barn og unge
Informasjon til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regioner har som hovedoppgave å drive etatens institusjoner og familievernkontor. I tillegg har regionene ansvar for fosterhjemsrekruttering og oppgaver knyttet til adopsjon. Barn, unge og deres familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett hvor de bor i Norge. Bufetat sine fem regioner rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region Midt-Norge består av fylkene Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionens administrasjon er lokalisert i Trondheim.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 15
- Sted: Nygardsvegen 2, 6103 Volda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sommervikar, Tilkallingsvikar, Miljøterapeut, Miljøarbeider, Vernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394263085
- Sist endret