Rådgiver
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Frist 09.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar - verjemål
Statsforvaltaren har viktige rettsoppgåver på ei rekkje område, mellom anna etter verjemålslova. I seksjon verjemål er det ledig 100 % fast stilling som rådgivar.
Om du har lyst og interesse for å jobbe med varierte oppgåver innafor verjemålsområdet og samtidig er oppteken av rettstryggleik, kan dette vere stillinga for deg.
Arbeid innafor verjemål er allsidig. Seksjonen har oppgåver som kjem inn på mange ulike område som forvaltningsrett, arv- og skifte, bank og finans, helse, barnerett m.v. Vi oppnemner verjer til menneske som ikkje sjølv har evne til å ivareta sine juridiske interesser på det økonomiske og personlege område. Vi handsamar og saker om stadfesting av ikraftsetjing av framtidsfullmakt. I tillegg skal vi rettleie og føre tilsyn med verjene i deira arbeid. Videre fattar vi ei rekke avgjerder som skal sikre at menneske med verje får teke i vare sine rettar.
Du vil jobbe tett saman med medarbeidarar som har høg kompetanse og ulik fagbakgrunn.
Vi er 1.instans på området og det inneber å ha kontakt med personar som har eller treng verjemål, pårørande, tenesteytarar på kommunalt og statleg nivå og andre offentlege instansar. Du kan vente utfordrande, utviklande og meiningsfulle oppgåver i ein hektisk kvardag.
- har bachelor innan relevante fag slik som rettsvitskap, samfunnsfag eller helse-/sosialfag
- kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- trivast med å jobbe med sakshandsaming
- kan jobbe sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta
- er fleksibel og trivast med varierte oppgåver
- har erfaring frå og/eller interesse for offentleg forvaltning
- har ei positiv innstilling og er god i dialog med andre
- har gode samarbeidsevne og fungerer godt saman med andre fagpersonar
Vi legg vekt på at du er personleg eigna og motivert for oppgåvene.
Hos oss får du
- varierte, interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsfellesskap
- naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- løn som 1434 rådgivar med lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Hos oss får du rammer som legg til rette for ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid. Vi veit at mange ønskjer seg ein kvardag med moglegheit for å veksle mellom å jobbe frå heimen og møtast på kontoret. Hos oss er hovudarbeidsstad kontoret. Vi kan sporadisk jobbe noko heimanfrå om arbeidsoppgåvene ligg til rette for det. Fast avtale om noko heimekontor kan vi inngå etter prøvetida. Les elles meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling)
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Kjersti Klemetsen Bakken på telefon (Norge +47) 92848422.
Søknadsfrist: 9. mars 2025
Om arbeidsgiveren
.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6412 Molde
- Bransje: Helse og omsorg, Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Saksbehandler, Sosionom
Nøkkelord
vergemål, rettssikkerhet, helse, sosial
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394316489
- Sist endret