Rådgiver
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Frist 09.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Seniorrådgivar/rådgivar
Vi har to ledige stillingar og er ute etter deg med stort engasjement og hjarte for sårbare barn og unge og menneske i vanskelege livssituasjonar
Begge stillingane er i seksjon sosial og familie. I seksjonen er det 11 tilsette og vi har eit tverrfagleg og godt miljø med tilsette med barnevernfagleg, sosialfagleg og juridisk kompetanse. Vi jobbar tett opp mot mange aktørar, frå kommunar til departement, og vi følgjer opp Stortinget og Regjeringa sin politikk.
Oppgåvene i seksjonen er i hovudsak knytt til tilsyn, saksbehandling, tilskot, rettleiing til både kommunar og enkeltpersonar og utviklingsoppgåver ut mot tenestene.
Den som blir tilsett må rekne med å få oppgåver innafor desse områda.
Til å utføre desse oppgåvene søkjer vi deg med- høgskule- eller universitetsutdanning innan sosialfag, barnevernfag og/eller juss (minimum bachelor)
For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha
- relevant arbeidserfaring innanfor eitt eller fleire av seksjonen sine fagområde
- god kompetanse innanfor saksbehandling, rettleiing, utgreiing eller utviklingsoppgåver
Det vil bli vektlagt om du har
- erfaring med saksbehandling
- relevant arbeidserfaring og kjennskap til barnevernet og/eller sosiale tenester i Nav
- eit godt og klart språk når du skriv og når du snakkar
- evne til sjølvstendig og effektivt arbeid
- eit fagleg engasjement
- har gode samarbeidsevnerog er løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader må kunne leggjast fram før tilsetting, jf. barnevernloven § 12-11 fjerde ledd.
Hos oss får du
- utfordrande og spennande oppgåver i eit tverrfagleg miljø med høve til fagleg utvikling
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- løn som 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innafor fagområdet.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Stillinga inneber ein del saksbehandling. Den som blir tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling)
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Grete Teigland på telefon (Norge +47) 99507632.
Søknadsfrist: 9. mars 2025
Om arbeidsgiveren
.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6412 Molde
- Bransje: Helse og omsorg, Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Jurist, Sosionom
Nøkkelord
rettssikkerhet, barnevern, sosial, familie, saksbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394316566
- Sist endret