Rådgjevar innan forureining, spreidd avløp og vassforvaltning
Øystre Slidre kommune
- Frist 12.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar innan forureining, spreidd avløp og vassforvaltning
Øystre Slidre kommune søkjer etter ny medarbeidar innan forureining og spreidd avløp. Vi søkjer etter ein medarbeidar som vil få ansvar for sakshandsaming innan spreidde avløpsanlegg, kontroll- og tilsynsoppgåver etter forureiningsforskrifta, samt andre forfallande oppgåver innanfor feltet.
Stillinga høyrer til under eininga Næring, Plan og Byggesak, kor vi har eit svært godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling. Avdelinga har i dag eit ungt miljø med fagpersonar med variert kompetanse. Stillinga du søker på vil kunne endre seg over tid etter interesser og behov, og den rette kandidaten vil ha moglegheit til å i stor grad forme sin eigen arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåver
- Søknadsbehandling innan spreidde avløpsanlegg
- Tilsyn av spreidde avløpsanlegg
- Vassforvaltning
- Arbeid opp mot statlege planar, til dømes Oslofjordplanen
- Tverrfagleg arbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring innan feltet er ynskjeleg, men ikkje eit absolutt krav
- Utdanning frå fagskule/høgskule innan feltet, for eksempel innan forureining og vassforvaltning
- Søkjar må ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg
- Gode analytiske evner og interesse for fagområdet og miljøet
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert
- Inkluderande
- Trivast med regelstyrt arbeid
- Løysingsorientert
- Ynskje om vidareutvikling
- Positiv haldning til tverrfagleg samarbeid
- Har evne og vilje til å tileigna deg og dela ny kompetanse
Vi tilbyr
- Viktig stilling i ei kommune i stor utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode lønns- og arbeidsvilkår
- Varierte arbeidsoppgåver
- Utearbeid i sumarhalvåret
- Godt arbeidsmiljø med positive og dyktige medarbeidarar
Om arbeidsgiveren
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Øystre Slidre er ein del av Valdresregionen. “Vannområdet Valdres” er ein del av Drammensvassdraget, og strekker seg frå 150 til 1900 meter over havet. Vannområdet er eit samarbeid mellom fem av Valdreskommunane.
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler, Vann- og miljøteknikk, Vassdrag
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Spredt avløp, Forurensing, Miljø, Vannforvaltning, Jotunheimen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394391981
- Sist endret