Vikariat vaken nattevakt/sommerferievikar vaken nattevakt
Bufetat
- Frist 12.03.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Vikariat vaken nattevakt/sommervikar vaken nattevakt
Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte?
Kollen Ungdomsbase har ledig vikariat som nattevakt i 84% og i tillegg ønskjer vi oss ferievikarar/tilkallingsvikarar som har lyst å jobbe som nattevakt.
Kollen Ungdomsbase er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13-18 (20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen. Ungdommane er plassert etter Lov om barnevernstenester.
Institusjonen ligg i Vestnes kommune og har sju plassar, fordelt på to avdelingar, inkludert institusjonshyblar.
Kollen Ungdomsbase har ei sosialpedagogisk tilnærming med vekt på kognitiv miljøterapi i tillegg til traumesensitiv omsorg. Vi legg vekt på at ungdommane innanfor trygge rammer, og i samhandling og aktivitetar med vaksne, skal oppleve meistring og ny læring for å oppnå endring og utvikling. Målet for miljøterapien er at ungdommane skal utvikle hensiktsmessige tanke- og handlingsmønster slik at dei kan handtere kvardagen sin på ein best mogleg måte.
Vi har ledig eit vikariat som nattevakt i 84% stilling som miljøterapeut/spesialutdanna miljøterapeut frå snarast. I tillegg har vi ønske om fleire tilkallingsvikarar/ferievikarar som har ønskje om å jobbe som nattevakt. Arbeidstida for vaken nattevakt er frå kl 23.00. til kl 08.00. For vikariat stillinga er det og dag/kveldsvaktar, og arbeid kvar fjerde helg. Meir inngåande informasjon om turnus blir gitt under intervju.
På grunn av kjønnssamansetting i personalgruppa, vert menn oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgaver
Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe natt og bidra til at ungdommane får tilstrekkeleg og god søvn.
Som nattevakt er di oppgåve å ivareta ungdommane og oppretthalde ro på avdelinga nattestid. Du vil blant annet få jobbe med:
- Rettleie og sette grenser på en utviklingsstøttande måte
- Målretta og systematisk arbeid etter arbeidsmodellar frå kognitiv miljøterapi
- Traumesensitiv og profesjonell omsorg.
- Følgje opp miljøterapeutiske planar på ein fagleg og systematisk måte
- I tillegg skal ein utføre praktiske oppgåver ved institusjonen.
- Bidra til å ivareta rettsikkerheita til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon
Miljøterapeutane vert i det daglege leia av ein avdelingsleiar.
Kvalifikasjoner
Kva slags bakgrunn har du?
- Du har fullført eller påbegynt bachelorutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar eller anna relevant bachelorutdanning med 180 stp.
- Har du anna type bakgrunn men lang erfaring frå t.d. arbeid i barneverninstitusjon kan søknaden verte vurdert
- For tilsetting som spesialutdanna miljøterapeut må du ha relevant vidareutdanning med minimum 60stp.
Det er og ønskjeleg at du har:
- Relevant vidareutdanning og/eller god kjennskap til kognitiv terapi
- Nyare relevant erfaring frå arbeid med ungdom
- Robust helse, då arbeidet med målgruppa er psykisk og fysisk krevjande
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, gode IT-ferdigheiter og førarkort kl.B med manuelt gir
Personlige egenskaper
- Du må vere ein trygg og sjølvstendig vaksen som kan samarbeide og kommunisere godt med andre, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Som godt eigna miljøterapeut er du kjenneteikna ved å vere fleksibel utan å vere ettergjevande og sensitiv utan å miste den naudsynte profesjonelle distansen.
- Du er kjenneteikna ved at du kan bruke din autoritet utan å vere undertrykkande. Du er vital og optimistisk, og ser små framsteg som viktige sigrar.
- Du må kunne ta imot rettleiing og arbeide med eiga utvikling.
- For oss er det viktig at du har evne til å skape god kontakt med ungdommane og at du er ein positiv ressurs for arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
Stillingane er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut p.t. kr 466 600-584 500 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 stp., kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt. kr. 524 700-646.000 pr. år. For deg som har fagbrev eller er under utdanning gjeld stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t kr 443 000 - 509 300 pr. år, 1203 Fagarbeider m/fagbrev p.t. kr 432 800- 502 300 eller 1486 miljøarbeider, p.t. kr 394.100 - 495 200 pr. år. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, mulighet for tilbod om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby:
Sosiale tiltak saman med gode kollegaer
Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
Informasjon til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidater bruker vi ikkje avkrysningane til anna enn anonymisert statistikk.
- Stillingane er for tida lagt til Kollen Ungdomsbase, Vestnes
- Politiattest må leggast fram ved tilsetting jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og føresegn om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønskjet ditt ikkje vert teke til følge.
- Søknad med CV sendes elektronisk via lenkja på denne sida.
- Vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik og lengde, skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, og i tillegg takast med til eit eventuelt intervju. Vi ber deg om at det vert gitt opp minimum to referansar som er fagleg relevant og av nyare dato.
- Merk søknaden med kva slags stilling du søkjer på
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regioner har som hovedoppgave å drive etatens institusjoner og familievernkontor. I tillegg har regionene ansvar for fosterhjemsrekruttering og oppgaver knyttet til adopsjon. Barn, unge og deres familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett hvor de bor i Norge. Bufetat sine fem regioner rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region Midt-Norge består av fylkene Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionens administrasjon er lokalisert i Trondheim.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Myrakollen 2, 6390 Vestnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnevern, omsorg, miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394479273
- Sist endret