Grunnervervar, Bergen
Vestland fylkeskommune
- Frist 10.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Grunnervervar, Bergen
Avdelinga Eigedom og utbygging (EIU) er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Avdelinga er delt inn i 5 seksjonar; Stab og forvaltning, System og utvikling, Utbygging, Drift og Bybanen Utbygging. Stillinga som grunnervervar, med arbeidsstad Bergen, ligg i Stab og forvaltning, men slik at dei fleste oppgåvene vil vere er knytt til Bybanen Utbygging.
Bybanen Utbygging har ansvaret for å realisere nye byggetrinn i utviklinga av Bybanen i Bergen. Du får vere med på hele reisa frå reguleringsfase til overlevering til Bybanen AS. For tida består prosjektteamet av om lag 15 medarbeidarar som i hovudsak arbeider med ulike forberedande aktivitetar for oppstart av byggetrinn 5 til Åsane. Stillinga vi nå søkjer fagressurs til er den som skal leie arbeidet med grunnerverv i Bybanen Utbygging framover. I tillegg vil det vere oppgåver knytt til den eigedomsmassen avdelinga elles forvaltar.
Arbeidsoppgåver
- Delta i prosjektgrupper i heile fasen frå planlegging til ferdig bygging.
- Gjennomføre forhandlingar med grunneigarar.
- Kjøp av grunn, rettar og bygningar.
- Førebu og gjennomføre ekspropriasjon og tvangstiltreding når det er nødvendig.
- Førebu og bistå ved gjennomføring av skjønn for domstolane i nært samarbeid med advokat.
- Oppfølging og kontakt med grunneigarar i anleggsfase og sørge for utbetaling av erstatningsoppgjer.
- Vere rådgjevar i saker som inkluderer planfaglege og eigendomsfaglege spørsmål.
- Forvalte eigedommar som er innløyst i samband med grunnerverv og øvrige eigedommar i EIU.
- Inngåing og oppfølgjing av leigekontraktar (innleige og utleige) i EIU
Kvalifikasjonar
- Master eller tilsvarande innan fagområde som eigedomsfag, jordskiftefag eller juridiske fag.
- Erfaring og kunnskap frå arbeid med grunnerverv, skjønn, straksinnløysning, mm.
- God digital kompetanse.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig.
- Engasjert og gode evner til samhandling.
- Likar nye utfordringar og er dyktig til å handtera eit stort spenn av arbeidsoppgåver
- God muntleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg påfyll
- Fleksitid
- Løns- og arbeidsvilkår etter kvalifikasjonar og i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
grunnerverver, grunnervervar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394601819
- Sist endret