Rådgjevar - 100% fast - Miljø og tilsyn
Alver kommune
- Frist 23.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gjere ein forskjell i kommunen?
Ved tenesteområde Arealforvaltning er det ledig ein stilling som Rådgjevar i avdelinga Miljø og tilsyn. Hovedoppgåvene vil være knytt til oppfølging av ulovlege handlingar og tilsyn etter plan- og bygningslova.
Avdelinga består i dag av seks rådgjevarstillingar, i tillegg til leiar. Som tilsett på Miljø og tilsyn vil du ha varierte arbeidsoppgåver og vere ein del av eit aktivt fagmiljø med brei kompetanse. Arbeidsdagen vil innehalde ein del synfaringsarbeid i felt.
Vi søker deg som vil gjere ein forskjell i kommunen
Om tenesteområde Arealforvaltning
Avdeling for Miljø og tilsyn vart oppretta som ny avdeling under Arealforvaltning i Alver kommune frå 1.1.2020. Føremålet med avdelinga er å sikre at Alver kommune har dedikerte ressursar og eit felles fagmiljø som har ansvar for tilsyn og oppfølging av ulovlege tilhøve etter plan- og bygningslova, aktiv oppfølging av saker som gjeld forureining og forsøpling, samt handsaming av klagesaker.
Vi sitter i moderne kontorer på Frekhaug kommunehus. Her er det gangavstand til bussterminalen og hurtigbåten til Bergen. Vi deler kontorer med avdelingane for byggesak og private planer.
I samme bygg finn du også avdelingane for Landbruk, Kart og oppmåling, Veg, vann og avløp, Eigedom, Plan, Stab og Dokumentsenteret. Sammen skaper vi eit sterkt fagmiljø.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene som ligg til stillingen er:
- Oppfølging av meldingar om ulovlege tiltak etter plan- og bygningslova og forureiningslova
- Tilsyn etter både plan- og bygningslova og forureiningslova
- Handsaming av utsleppsløyve, oppfølging og tilsyn av spreidde avløp (minireinseanlegg og septiktankar)
- Informasjon og kunderettleiing til privatpersonar og føretak
- Andre arbeidsoppgåver som fell naturlig inn under avdelinga og tenesteområdet, t.d. hansaming av bygge- og delesøknader og halde førehandskonferansar
Kvalifikasjonskrav
- Erfaring og kompetanse innanfor plan- og bygningslova eller sakshandsaming etter forvaltningslova og offentligheitslova
- Relevant høgare utdanning som høgskule eller universitetsutdanning, t.d. jurist, ingeniør eller anna utdanning innan tilsvarande fagområde
- Relevant erfaring kan vege opp for manglande formell utdanning
- Har sertifikat for bil
- Personlig eignaheit vil bli vektlagt
Ønskt kompetanse
Vi søkjer deg som:
- Tar iniativ og kan drive saker fremover
- Har evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar
- Kan levere arbeid av høg kvalitet, men samtidig kan levere arbeid som er "godt nok"
- Er serviceinnstilt og kan ha ein god dialog med innbyggarar
- Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
- Er løysingsorientert og fleksibel
Vi tilbyr
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Moglegheit for heimekontor etter gjeldande retningslinjer
- Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn etter avtale
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Havnevegen 41 A (Kommunehuset på Frekhaug), 5918 Frekhaug
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Jurist, Kontor og administrasjon
Nøkkelord
rådgjevar, miljø, tilsyn, forvaltning, sakshandsaming
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394610345
- Sist endret