Avdelingsleiar
Vestland fylkeskommune
- Frist 09.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Askøy vidaregående skule har omlag 700 elevar og 120 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen særskilt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
Askøy vidaregåande skule legg stor vekt på at fagopplæringa er i tråd med behov og krav i arbeidslivet, og at skule- og læringsmiljøet skal vere trygt og godt. Vi er ein MOT-skule, og ser dette i samanheng med korleis vi løyser oppgåvene våre som kompetente, opne og modige tilsette i ein organisasjon i utvikling.
Skulen starta skuleåret 2023-2024 i nytt bygg, med nye verkstader, og hausten 2024 tok vi i bruk det reabiliterte teoribygget. Skulen har no kapasitet til å ta i mot nærare 1000 elevar.
Vi har frå 1. august 2025 ledig ei fast stilling som avdelingsleiar.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar er du ein del av leiargruppa til skulen og har leiaroppgåver innanfor personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon.
Du set elevane si læring og utvikling i sentrum og følgjer opp elevane sitt læringsmiljø og læringsutbyte fagleg og sosialt.
Du har personalansvar for dei tilsette i avdelingane elektro og realfag, og ansvar for timeplanarbeid og vikarhandtering.
Du har ansvar for pedagogisk og fagleg utvikling, både på eiga avdeling og på skulen som heilheit, i tett samarbeid med dei andre i leiargruppa.
Alle avdelingsleiarar har eit felles ansvar for skulen sitt arbeid med eit trygt og godt skulemiljø.
Den som blir tilsett i stillinga vil få eit utvida ansvar som skulen sin timeplanleggjar.
Kvalifikasjonar
Stillinga har krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Det er ønskjeleg med relevant leiarutdanning og leiarerfaring.
Stillinga krev god kunnskap om organisering av vidaregåande opplæring, samt regelverk knytt til opplæring og personalleiing.
Det vil bli lagt stor vekt på systemforståing og erfaring med timeplanarbeid eller liknande.
Kjennskap til administrative program som Visma in school, Visma enterprise, Elements og itslearning m.fl. vil vere ein fordel.
Utdanning i fag som avdelinga tilbyr vil vere ein fordel.
Personlege eigenskapar
Du må like å jobbe med ungdom, og ha eit godt elevsyn med tru på at den enkelte kan lukkast med opplæringa.
Du er ein tydeleg og synleg leiar som involverer, skaper engasjement og tillit.
Du står støtt i rolla som leiar, og skaper oppslutning om utviklingsarbeid og endringar.
Du er strukturert og sjølvstendig, har stor gjennomføringskraft og er god på skriftleg og munnleg kommunikasjon.
Du er god på å samarbeide i team, og på å byggje relasjoner på tvers av dei ulike nivåa og avdelingane på skulen.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskaper ved tilsetjing i stillinga.
Vi tilbyr
Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø der eleven står i fokus.
Ein spennande pedagogisk leiarstilling på ein stor og utviklingsorientert skule.
Eit godt arbeids- og fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaer.
Ein skule med ambisjonar på vegne av elevane, og eit tett og godt samarbeid med lokalt næringsliv og andre aktørar.
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og i avtaleverk for avdelingsleiarstillingar i Vestland Fylkeskommune
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest før oppstart.
Det blir teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir og teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet og prosess knytt til aktuelle permisjonssøknader.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema i webcruiter. Last opp attestar og vitnemål i søknadskjema, og legg inn minst to referansar.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Avdelingsleder, Videregående skole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394615029
- Sist endret