
Fagleiar grovfôr
Norsk landbruksrådgiving SA
- Frist 16.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Spennande stilling i NLR SA, region Vest – Fagleiar grovfôr
Vil du bli ein del av den viktigaste kompetanseverksemda i landbruket? NLR SA har ledig 100 % fast stilling som fagleiar for region Vest innan fagområdet grovfôr. Grovfôr er det største fagområdet i region vest med omlag 15 rådgjevarar. Stillinga skal også vere sentral i regionen sitt arbeid med utvikling og oppfølging av prosjekt, noko som skal gje auka kompetanse til næringa. Kontorstad kan tilpassast etter bustadadresse innanfor region Vest sitt geografiske område, som strekkjer seg frå Sunnhordland i sør til Sunnmøre i nord.
Kven leitar vi etter?
Vi søkjer ein strukturert og framoverlent teambyggar med gode kommunikasjonsevner. Du må vere fagleg sterk innan fagområde grovfôr og ha erfaring frå landbruksnæringa. Det er ønskjeleg at du har arbeidd med prosjektutvikling samt prosjektleiing, og har kjennskap til støtteordningar i landbruket. Du må ha høgare landbruksfagleg utdanning og/eller annan relevant landbruksfagleg kompetanse.
Arbeidsoppgåver:
- Utvikle rådgjevingstilbodet innan fagområdet grovfôr
- Utvikle, koordinere og leie prosjekt frå idé til sluttrapportering
- Vere oppdatert på siste nytt, og sikre at rådgjevarane i region Vest har relevant og oppdatert kompetanse innan fagområdet grovfôr
- Sikre at medlemmane i region Vest får tilgang til relevant og etterspurd kompetanse og aktivitet
- Gje rådgjeving og informasjon til medlemmane, både munnleg og skriftleg
- Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
- Andre aktuelle arbeidsområder kan vere; plantevernkurs, klimarådgjeving, grovfôrøkonomi og grovfôrstrategi, avhengig av interesser og kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er ein lagbyggar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, som kan skape engasjement og framdrift i ei gruppe
- Du er ein relasjonsbyggar som er flink til å skape godt samarbeidsklima med samarbeidspartar og offentlege instansar i regionen
- Du er initiativrik og kan arbeide sjølvstendig
- Du er strukturert og blir motivert av å oppnå resultat
- Du har god munnleg og skriftleg formidlingsevne, norsk
Vi tilbyr:
- Inntil 100 % fast stilling. Utfordrande fagleg arbeid i eit aktivt miljø, både lokalt og nasjonalt, med gode høve for utvikling
- Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet
- Triveleg arbeidsmiljøLøn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er eit landsdekkande samvirkeforetak med 24.000 medlemmar og 400 medarbeidarar. Med 6 regionavdelingar og rundt 100 kontorstader, har NLR sterkt lokalt nærvær. NLR er bindeledd mellom forsking og landbruket, og innhentar, utviklar og samordnar kunnskap som rådgjevarane formidlar til næringsutøvarar i landbruket.
Våre tilsette jobbar med rådgjeving og utviklingsoppgåver innan jord- og planteproduksjon, økonomi, rekneskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og heilskapleg rådgjeving og er ein attraktiv samarbeidspart(nar) for landbruket.
Gjer ein skilnad – kvar dag!
I NLR står du i sentrum for utvikling av norsk matproduksjon. Du vil vere med å påverke retningsval og produksjon hjå næringsutøvarar i landbruket og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten vi alle er avhengige av kvar einaste dag.
Vi i NLR er nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette sin fagkompetanse og vilje til utvikling er avgjerande for å lukkast med oppdraget vårt. Vi har eit arbeidsmiljø med stor fagleg bredde og djupne, med høg kompetanse på mange fagfelt. Vi tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette både personleg samt fagleg utvikling.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Samvirke
- Sted: Region Vest (tilpasses kandidatens bosted), 6823 Sandane
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Agronom, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
NLR, landbruk, plantekultur, grovfôr, jord
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394618764
- Sist endret