
Lærer
Tresfjord friskule SA (Tresfjord EnSpire skule)
- Frist 30.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Ønsker du å jobbe som lærar på Tresfjord EnSpire skule?
Vårt behov
Frå og med 1. august 2025 har vi behov for å tilsetje ein lærar. Stillingsprosentbehovet er i utgangspunktet 100 %, men det kan også vere mogleg å få redusert stilling om ein ønsker det. Det er difor viktig at du i søknaden skisserer ønska stillingsprosent.
Du må vere budd på å påta deg funksjonen som kontaktlærar. Om ein ønsker lærarstilling hos oss, må ein altså vere komfortabel med ei slik rolle. Ein kan også rekne med å bli sett til å undervise for dei yngste og/eller dei eldste elevane våre.
Skriv gjerne i søknaden når du tidlegast kan starte opp hos oss. Vi har i utgangspunktet behov frå og med oppstart av planleggingsdagane våre i august, men det kan også vere mogleg å starte opp før sommarferien.
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Som lærar hos oss vil du mellom anna ha desse arbeidsoppgåvene og ansvara:
- Planlegge og gjennomføre variert undervisning i tråd med EnSpire-skulane sin læreplan
- Samarbeide med føresette og andre tilsette
- Skape trivsel og bidra til eit trygt og godt klassemiljø og arbeidsmiljø for elevar og tilsette
- Kontaktlærarrolle
- Vere delaktig i skulen si faglege utvikling
Personlege eigenskapar
Som tilsett hos oss forventar skulen at du:
- er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig.
- har eit positivt elevsyn, som vil seie at du viser interesse for elevane og møter dei med forståing, respekt og bidrar til å inkludere og motivere alle elevane i undervisninga og/eller gruppa.
- har gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
- er bevisst eigne haldningar, kroppsspråk og praksis.
- trygg og tydeleg klasseleiar, og som spør andre tilsette om hjelp og støtte ved behov.
- ønsker å løfte og utvikle alle elevane sine unike sider og styrker.
Kvalifikasjonar
Som tilsett som lærar hos oss ønsker vi at du:
- har godkjent lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning, gjerne med fordjupning innan spesialpedagogikk.
- legg fram politiattest før tiltreding.
Vi tilbyr
Som tilsett hos oss vil du:
- vere ein del av eit profesjonsfellesskap av engasjerte og positive tilsette.
- få støtte og rettleiing frå leiing og andre tilsette ved behov.
- jobbe på ein skule som dyrkar det unike i kvar enkelt elev.
- ha lønns- og arbeidsvilkår jf. gjeldande lovverk og tariffavtalar.
- jobbe på ein skule som vektlegg fagleg utvikling hos tilsette, og som legg til rette for og oppfordrar til kompetanseheving, kurs og (vidare)utdanning.
- vere med på å utvikle skulen.
Det er ikkje offentlege søkarlister hos oss.
Kontakt
Om du lurer på noko, ta gjerne kontakt med dagleg leiar/rektor Kjetil Solem via post@tresfjordenspire.no eller 404 07 752 (kontor) / 406 03 377 (mobil).
Postadresse: Postboks 1, 6391 Tresfjord
Besøksadresse: Neremsvegen 43, Tresfjord
Om arbeidsgiveren
Tresfjord EnSpire skule er ein privat barneskule med EnSpire-profil som ligg i Tresfjord i Vestnes kommune.
Vi har kort veg til fjord, fjell og vakker natur. Skulen ligg rett ved den kommunale barnehagen og ungdomsskulen og med kort veg til bygdas daglegvarebutikk. Det er ca. 15 minutt til Vestnes sentrum.
Vi har entreprenørskap som profil, som vil seie at vi skal gi elevane entreprenøriell basiskompetanse, som vil seie at elevane skal kunne evne å sjå moglegheiter og gjere noko med dei. Elevane vil hos oss få moglegheit til å nå kompetansemåla i læreplanen mellom anna via eigne interesser. Vi har eksempelvis eit eige fag som heiter EPT (Entreprenørskap på tvers), kor elevane kan jobbe med eigne prosjekt under rettleiing av dei tilsette. Vi jobbar også elles mykje tverrfagleg og prosjektbasert, og vi har læreplanfesta å bruke nysgjerrigpermetoden i undervisninga.
Du kan lese meir om EnSpire-profilen vår her: https://tresfjordenspire.no/om/
Du kan lese meir om Nysgjerrigpermetoden her: https://www.nysgjerrigper.no/nysgjerrigpermetoden/
Vi er i dag 13 tilsette i ulike stillingsstorleikar og -typar, fordelt på skule og SFO. Skulen er godkjent for 70 elevar. Vi er relativt nyoppstarta og hadde første skuledag i august 2022. Då var det 26 elevar ved skulen. I dag er elevtalet 47 og når vi har gått gjennom søknadane for kommande skuleår, ser vi at vi ligg an til å bli 52 elevar ved skulestart etter sommarferien.
Dette skuleåret har vi hatt elevane delt inn i fire elevgrupper: 1.-2., 3.-4., 5.-6. og 7. trinn. Vi prøver å få til dette også kommande skuleår.
- Sektor: Privat
- Sted: Neremsvegen 43, 6391 Tresfjord
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærer, barneskole, undervisning, pedagogikk, kontaktlærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394877526
- Sist endret