
Lærar / spesialpedagog
Hjellvik Montessoriskule
- Frist 20.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærar / spesialpedagog
Ledige stillingar!
Frå 1. august har me ledige stillingar som lærar og spesialpedagog i 100 %
(Fast stilling er aktuelt dersom du har, eller er villig til å ta vidareutdanning i montessoripedagogikk. Vidareutdanning vert tilbydd gjennom ordningar ved skulen.)
Me søker deg med følgande kvalifikasjonar:
- Godkjent lærarutdanning for grunnskule.
- Har studiepoeng i engelsk som ein del av lærarutdanninga
- Har studiepoeng i norsk og matematikk som ein del av lærarutdanninga.
- Kompetanse eller erfaring innan montessoripedagogikk.
- Eit ynskje om å læra meir og forstå montessoripedagogikken.
- Utdanning innan spesialpedagogikk.
- Evne til god relasjon med føresatte, elevar og kollegaer.
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
Arbeidsoppgåver
- Organisere og gjennomføre undervisning.
- Skule-heim samarbeid.
- Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.
Me kan tilby:
- Ei stilling med moglegheit for vidareutvikling både fagleg og personleg.
- Eit spanande og utviklande profesjonsfellesskap.
- Eit godt og positivt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Arbeidsplass i idylliske omgjevnadar i nærleiken til sjø og skog.
- Spanande og varierande arbeidskvardag.
- Gode arbeidsforhold, der lærar fungerer som tilretteleggar og veiledar i eit miljø der undervisninga er tilpassa den enkelte elev.
- Lønn og arbeidsvilkår tilsvarande offentleg skule.
- Pensjonsavtale i Statens pensjonskasse.
Gyldig politiattest iht. opplæringslovens §10-9 må leggjast fram.
Personlig egnethet vil verte vektlagt.
Spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Solveig Berisha tlf. 414 13 334
Søknaden med CV sendes til post@hjellvikskule.no
Søknadsfrist: 20.03.2024
Om arbeidsgiveren
Hjellvik Montessoriskule er ein fådelt skule med 58 elevar fordelt på 1. - 7. trinn. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnadar med nærleik til sjø, fjell og skog. Skuledagane inneheld presentasjonar av fagstoff, arbeid med materiell og tilpassing for den enkelte elev. Uteområdet vert ofte brukt som læringsarena. Me er eit engasjert personale som jobbar etter mål om læringsglede.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Hjellvikvegen 720, 5281 Valestrandsfossen
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Spesialpedagog, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærer, allmennlærer, montessori, barneskole, montessoripedagog
(1/11)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395055167
- Sist endret