Utviklar
Vestland fylkeskommune
- Frist 10.03.2025
- Ansettelsesform Fast
NDLA treng ein engasjert utviklar som gjer oss betre
Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er Noregs leiande produsent av digitale læringsressursar for vidaregåande opplæring. Målet vårt er å medverke til eit meir ope og inkluderande kunnskapssamfunn der kunnskap er tilgjengeleg for alle.
NDLA er eit oppgåvefelleskap mellom 14 fylkeskommunar. Vestland er vertskommune for selskapet og har oppretta ein NDLA-seksjon med seks tilsette for å ivareta administrasjon og leiing av selskapet. Dei øvrige medarbeidarane er tilsett i eit av dei samarbeidande fylka og innlånt til NDLA.
NDLA sin visjon er å skape framtidas læring. No søker vi deg som skal hjelpe oss vidare for å nå målet. Du får ei nøkkelrolle i å skape eit fagmiljø for programmering og utvikling av ndla.no.
NDLA har ein omfattande arkitektur bygd rundt eit breitt spekter av tekniske tenester. Desse utviklar vi basert på Agile og DevOps.
Ta ein kikk på https://github.com/NDLANO for å sjå kva vi lagar.
Arbeidsoppgåver
- Å utvikle saman med leverandørane våre for å bygge intern kompetanse for kodebasane våre
- Å utføre driftsoppgåver knytt til verktøya på den offentlege skytenesta vår AWS
- Å gi teknisk støtte til teknisk leiar og prosjektleiar
Kvalifikasjonar
- Du har høgare utdanning, men like viktig er erfaringa du har frå før. Vis oss kva du har jobba med!
- Du er god i norsk skriftleg og norsk munnleg
- I tillegg til det du ser på Github, ønsker vi at du har kunnskap om PHP og Python
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvgåande og jobbar strukturert
- Du må trivast med å jobbe digitalt, for NDLA er ein organisasjon med medarbeidarar over heile landet. Det inneber at det blir noko reising.
- Du er nysgjerrig og held deg oppdatert på fagfeltet
Vi tilbyr
- Eit arbeidsmiljø der engasjementet er høgt, og der hjarta bankar for vidaregåande opplæring
- Høve til fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstidsordning med gode moglegheiter for å jobbe heimanfrå
- Løn og stillingsplassering etter avtale og gode offentlege pensjonsvilkår
- Arbeidsstad i det nye Vestlandshuset i Bergen sentrum
Besøk gjerne www.ndla.no for meir informasjon
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Agnes Mowinckels gate 6, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, Full stack utvikler, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395077483
- Sist endret